Sokneråd

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Eit sokneråd er i Den norske kyrkja eit råd samansett av soknepresten og 4, 6, 8 eller 10 medlemmer valde for 4 år av og blant dei som har røysterett i soknet.

Soknerådet har ansvar for å leggje til rette for kyrkjeleg undervisning, kyrkjemusikk og diakoni i soknet. Soknerådet uttaler seg ved tilsetjing i kyrkjelege stilingar.

Sokna i ein kommune vel representantar til kyrkjeleg fellesråd.