Sokotraugle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sokotraugle
Sokotraugle
Sokotraugle
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Ugler Strigiformes
Familie: Uglefamilien Strigidae
Slekt: Otus
Art: Sokotraugle O. socotranus
Vitskapleg namn
Otus socotranus

Sokotraugle (Otus socotranus) er ei lita ugle i den biologiske slekta Otus. Ho er endemisk for øya Socotra utanfor Afrikas horn.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Dette er ei særs lita Otus-ugle som er kraftig stripa og tverrstripa på den bleike, sandgrå oversida, lysare underside med mørkare markeringar. Den einsfarga ansiktsskiva har vage marginar og skulderstripa er ikkje så iaugefallande som hos andre Otus-ugler og er sandfarga. Øyretafsane er særs små og auga er gule. Kroppslengda er 15–16 cm og vekta 64-85 gram.[1]

Songen til sokotraugle er ein gjentatt, lågtone serie «woop woop da-pwoorp».[1]

Sokotraugle er endemisk for øya Socotra i Indiahavet utanfor Afrikas horn, som er innanfor territoriet til Jemen. På Socotra finst ho på over 45 % av øya, mest talrike i område der det er større tre. Det føretrekte habitat til arten er halvørken med steingrunn som har spreidde tre, særleg palmar.[1]

Svært lite er kjent om åtferda til sokotraugle, ho lever sannsynlegvis hovudsakleg av insekt og små virveldyr; mageinnhaldet i eit enkelt eksemplar inneheldt ei grashoppe, eit tusenbein og to øgler. Det finst lite informasjon om hekkeåtferda, ho brukar sannsynlegvis naturlege holrom til hekking og får eit kull på 1-4 ungar i februar.[1]

Denne Otus-ugla på Socotra var tidlegare trudd å vere same arten som akasieugle, Otus senegalensis, på fastlandet, men ulikskap i fjørdrakt og vokalisering har ført til at sokotraugle vart klassifisert som sin eigen art. Molekylære prov indikerer at den næraste slektningen er mahéugle, Otus insularis, lætet til orientugle, Otus sunia liknar lætet til sokotraugle utan å vere identisk.[1]

Storleiken på populasjonen er rekna å vere stabil og ligge på rundt 3000 individ inkludert ungfuglar. Arten er rangert som livskraftig, LC, av IUCN.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 del Hoyo, J., N. Collar, og J. S. Marks (2020). Socotra Scops-Owl (Otus socotranus), version 1.0. I Birds of the World (J. del Hoyo, A. Elliott, J. Sargatal, D. A. Christie, og E. de Juana, red.) Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.afrsco2.01 Henta 11. november 2021
  2. BirdLife International (2021) Species factsheet: Otus socotranus. Henta 11. november 2021

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikispecies
Wikispecies
Wikispecies har taksonomisk informasjon om Otus socotranus
Commons har multimedium som gjeld: Sokotraugle