Sola i Karlstad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sola i Karlstad
Sola i Kallsta.JPG
Statuen Sola i Kallsta utanfor stadshotellet i Karlstad
Fødd 1. januar 1739
Karlstad
Død

24. september 1818

Yrke forretningsdrivande

Sola i Karlstad, eigentleg Eva Lisa Holtz[1][2] (1. januar 173924. november 1818), var ein svensk vertshushaldar som er blitt eit kjent symbol for byen Karlstad.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Eva Lisa Holtz var fødd i Karlstad den 1. januar 1739. Ho dreiv eit vertshus som låg på tomt 156 i byen. Ho vart kjend for sitt glade og «solfylte» humør, og fekk derfor tilnamnet «Sola i Karlstad». Vertshuset blei kjend som «Solas».

Ved utgravingar i sentrale Karlstad i byrjinga av 2000-talet på byggjetomta til et nytt kjøpesenter fann Riksantikvarieämbetet restane av vertshuset til Sola. Restane vart ikkje tatt vare på, men i staden vart dei hivne på fyllinga.[3]

Utanfor stadshotellet i Karlstad står ein statue av Eva Lisa Holtz, med tittelen Sola i Karlstad. Denne statuen er utført av skulptøren Herman Reijers og vart oppstilt på denne plassen i 1985.[4]

Meir sol i Karlstad[endre | endre wikiteksten]

Det finst fleire litterære referansar til sol og solskin i Karlstad. Romanen Solen i Karlstad (1904), skrive av pseudonymet Gunnar Forssman, er ein av dei. Hovudpersonen i romanen, Elsa, blir kalla Solen i Karlstad. Til Öjebokören (grunnlagt i 1955 i Karlskoga) skreiv Rune Lindström 1957 songen «Te dans mä karlstatösera» (seinare kjend gjennom Sven-Ingvars), der ei linje i innleiinga lyder «mitt öga det blänker som sol i Karlstad stad».

Karlstads kommun gjorde i 1989 ei glad sol til sin logo. Logoen var teikna av kunstnaren Lasse Sandberg, og hadde allereie vore i bruk sidan 1984, då byen feira 400-årsjubileum.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Människor och sägner». Värmlands Museum. Henta 26. april 2008. 
  2. «Sola i Karlstad». Region Värmland, Länsstyrelsen i Värmlands län och Visit Värmland. Henta 26. april 2008. 
  3. Arne Skorup. «Solas värdshus hamnade på tippen"». Nya Wermlandstidningen. Henta 20. mai 2010. 
  4. Marie Karlsson. «Skärvor från "Sola"». Värmlands Folkblad. Henta 26. april 2008.