Solar and Heliospheric Observatory

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Teikning av SOHO

Solar and Heliospheric Observatory (SOHO) er eit samarbeidsprosjekt mellom NASA og ESA for å studera sola, frå kjernen til den ytre koronaen og solvinden. Det er eit romteleskop og vart skote opp 2. desember 1995 frå Cape Canaveral Air Station.

SOHO går i bane i det fyrste lagrangepunktet til sola. Teleskopet skulle i utgangspunktet ha ei levetid på to år, men prosjektet vart forlengt i 1997, 2002, 2008 og 2010. Gjennom den ekstra levetida fekk teleskopet observera sola over ein heil 11-års solsyklus (nummer 23) og byrjinga på syklus nummer 24.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]