Solaris korrigert

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

SOMTIMS ven aig svefndrauma kan
aig draumen ein simpl, silly draum
SO er den: AIG imago meg self
lefa innside ein astroide
vid hundre odder humans
reisen vekk fra Systm Sol
     ne meir moons
FOR all tiim
onli fara out.
   VUL det einsamme
i uss da fersvinna?

Solaris korrigert er ei diktsamling av den norske forfattaren Øyvind Rimbereid, utgjeven i 2004. Samlinga inneheld det lange titteldiktet, og åtte dikt til. Boka mottok Kritikerprisen året ho kom ut og vart utropt til årets dikt av lyttarar og eit kritikarpanel på NRK P2. Ho vart seinare innlemma i ei 2007-utgåve av den norske litterære kanonen.

Titteldiktet, som omfattar 800 vers over 40 sider, er eit episk dikt med eit science fictionmotiv.[1] Eg-forteljaren lever i framtidsbyen Stavgersand i året 2480. Han er operatør for eit lag av robotar som utfører vedlikehald på undersjøiske røyr på havbotnen utanfor kysten av Rogaland. Saman med kvinna Shiri lever han i byområdet organic 14.6. Samfunnet som vert skildra i diktet er eit høgteknologisk univers, prega av klasseskilje og med spor av økologiske katastrofar som har råka delar av jorda.

Språkleg uttrykkjer eg-personen seg på eit blanda språk med trekk av stavangerdialekt, gammalnorske former, dansk, engelsk og låglandsskotsk. Utypisk for science fiction-sjangeren er ikkje hovudpersonen ein opprørar eller analytikar, men ein enkel arbeidar, med aktive, konkrete draumar om tryggleik og eit godt liv for seg og sin kjære. I løpet av diktet vert det skildra ein situasjon der menneska skal evakuere verda, tilsynelatande gjennom å bli klona («so kan ein modell / af meg lefa der inn, abstract-faktical. / Den ska ku existen long eftr meg»).

Diktet sin tittel kan gi assosiasjonar til Stanislaw Lem sin roman Solaris (1962) og Andrej Tarkovskij si filmatisering av denne, Solaris frå 1972. Visjonsdimensjonen kan føre tankane til Aniara av Harry Martinson, medan det hybride språket minnar om Axel Jensen sine bøker frå Oblidor.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Kjelde for analysen av diktet er «Audun Lindholm om Solaris korrigert» I: Norsk litterær kanon. Cappelen Damm, 2008. ISBN 978-82-04-13826-2

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]