Solarkonstanten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Solinnstrålinga på toppen av atmosfæren, på ein lineær skala plotta mot bølgjetal.

Solarkonstanten er eit mål for den strålingsenergien som ei flate orientert vinkelrett på retninga til solstrålene mottar per flate- og tidseining, i ein avstand på èi astronomisk eining (AU) (omtrent avstanden frå sola til jorda). Solarkonstanten omfattar alle typar solstråling, ikkje berre synleg lys. Solarkonstanten minkar med kvadratet av avstanden frå sola. Ved jorda har satellittar målt solarkonstanten til å vere kring 1361 W/m² (watt per kvadratmeter) når jorda er lengst borte frå sola, og kring 1362 W/m² når jorda er nærast sola (ein skilnad på 0.1 %).[1]

Vinkeldiameteren til jorda sett frå sola er kring 1/11 700 radianar (eller 18 bogesekund), som tyder at romvinkelen til jorda sett frå sola er kring 1/175 000 000 av ein steradian. Sola stråler derfor ut kring 2,2 milliardar gonger meir stråling enn det jorda fangar, eller kring 3,86×1026 watt.[2]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. doi:10.1029/2010GL045777
  2. The Sun at nine planets.org