Solfatara

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Svovel ved Solfatarakrateret

Solfatara er eit grunt vulkankrater ved Pozzuoli, nær Napoli i Italia, og ein del av vulkanområdet Campi Flegrei. Han er ein sovande vulkan, men spyr likevel ut damp med svovel. Namnet kjem frå latin, Sulpha terra, «svovellandet» eller «svoveljorda». Han oppstod for om lag 4000 år sidan og hadde det siste utbrotet sitt i 1198 med det som truleg var eit freatisk utbrot - eit eksplosivt dampdrive utbrot som oppstår når grunnvatnet reagerer med magma. Krateret er ein populær turistdestinasjon og har mange fumaroler og gjørmebasseng. Området er kjent for brady-seismikk. Dampen er vorten nytta til medisinske føremål sidan romartida.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Chris Kilburn og Bill McGuire (2001). Italian Volcanoes (Classic Geology in Europe 1). Terra Publishing. s. 174. ISBN 1-903544-04-1. 
  • Koordinatar: 40°50′N 14°09′E