Solinasjøen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Solinasjøen
innsjø
Poland Solina dam.jpg
Innsjøen sett frå demninga
Land Flag of Poland.svg Polen
Område Bieszczady
Innsjøtype Kunstig innsjø
Tilsig San
Utløp San
Areal 22 km²
Kystlengd1 150 km
Koordinatar 49°22′27″N 22°27′8″EKoordinatar: 49°22′27″N 22°27′8″E
Byar Solina, Myczkowce, Polańczyk
Wikimedia Commons: Lake Solina
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.

Solinasjøen (polsk: Jezioro Solińskie) er ein kunstig innsjø i Bieszczadyfjella, i Lesko fylke i Subkarpatiske voivodskap i Polen.

Innsjøen vart danna i 1968 då Solinademninga vart bygd i elva San. Han har eit areal på 22 km² og inneheld 472 millionar kubikkmeter vatn, noko som gjer han til den største kunstige innsjøen i landet.

Innsjøen er ein av dei største turistattraksjonane i området med landsbyar langs breiddene som Solina, Myczkowce og Polańczyk. Innsjøen er djup med klårt vatn og omgjeve av fjell.

Sidan byrjinga av 1970-åra har Wojewódzkie Przedsiębiorstwo Turystyczne (offentleg turistforeining) hatt mange båtar på innsjøen.

Seglbåtar på innsjøen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]