Solkross

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Solkross
Solkrossfigur som vigslingskross i Slidredomen frå slutten av 1100-talet.
Helleristingar i Sibir.

Solkross, som vanlegvis vert kalla hjulkross, er ein krosstype danna av ein gresk kross (likearma kross) innanfor ein sirkel. Endane på krossarmane på ein solkross (hjulkross) rører ved sirkelen, i motsetnad til på ein ringkross (keltisk kross), der sirkelen bryt dei fire krossarmane nærare sentrum på den likearma krossen. Denne gamle geometriske figuren er kjent frå alle store kulturar ikring i verda. Han finst til dømes i norske og nordiske helleristningar, som vigslingskrossar i kyrkjer frå mellomalderen, på gravmonument og likeins som kjenneteikn i segl og bumerke.

Det norske nazistpartiet Nasjonal Samling brukte solkrossen som partimerket sitt frå 1933 til 1945. Den ørneborne solkrossen vart tatt i bruk som statssymbol og som merke for NS Kamporganisasjon (KO).

Namnet solkross vart tatt i bruk på 1800-talet, under påverknad av tysk «romantisk» historietolking. Eit meir nøytralt og treffande namn er hjulkross, for figuren minner meir om eit hjul med fire eiker enn ein solfigur med strålar frå eit midtpunkt og/eller i ein sirkel. Nemninga hjulkross har difor vorte den vanlegaste i dei fleste samanhangane. I helleristingar kan til dømes hjul på vogner vere teikna som hjulkross, og på den vidgjetne solvogna frå dansk bronsealder, der ei framstilling av solskiva er plassert på ei vogn med hjul, er hjula forma som hjulkross.

Nazistiske teoriar sette figuren i samband med hakekrossen og hans mange variantar, særleg når hakane i hakekrossen er bogne. Hakekrossar med bogne hakar kan - med litt velvillig fortolking - likna på ei sol med strålar eller eit roterande hjul danna av lyn- eller flammestrålar frå eit midtpunkt.

I 1933 vart solkrossen i dei «nasjonale» fargane gull på raudt (frå Noregs riksvåpen) innført som offisielt merke for Quislings parti, Nasjonal Samling. Då NS under krigen vart «statsberande parti», vart solkrossmerket i kombinasjon med ei stilisert ørn med utspilte venger (etter tysk førebilete) tatt i bruk som statssymbol som eit alternativ til riksvåpenet. Blant anna erstatta det riksvåpenet på tenestemerke (frimerke for offentlege brev) frå hausten 1942. Ørna kan sjåast på som anten å sitta på krossfiguren eller å bera han i klørne. Denne krossforma er lite brukt i Noreg etter 1945.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Kostveit, Østmoe Åsta: Kors i kake, skurd i tre. Tegn og symboler i folkekulturen. Landbruksforlaget 1997. ISBN 82-529-2231-7
  • Hans Cappelen og Knut Johannessen (red.): Norske kommunevåpen, Oslo 1987, side 204
  • Hans Cappelen: «Bumerker i Norge – en oversikt» i Anders Bjønnes m.fl. (red.): Segltegninger fra hyllingene i Norge 1591 og 1610, Norsk Slektshistorisk Forening, Oslo 2010, side 60