Sollibotn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sollibotn kai
Foto: Bjarne Thune

Sollibotn ligg utanfor Eivindvik i Gulen kommune i Vestland.

Båtruter[endre | endre wikiteksten]

Sollibotn har kai og er stoppestad for båtruter ut til øyene, til Dingja, innover Sognefjorden til mellom anna Balestrand, Leikanger og Sogndal, og nordover til Florø og Selje. Ruta Sløvåg-Furenes-Eivindvik har også endestopp i Sollibotn.

Nordsjøløypa[endre | endre wikiteksten]

Staden er òg eit av endepunkta for Nordsjøløypa som går mellom Flolid og Solllibotn.

Her finst også ei hyttegrend.

Veg Sollibotn–Dingja[endre | endre wikiteksten]

I 2007 fekk staden veg vidare til Dingja. Denne held fram vidare innover fjorden til Oppedal i tillegg til vegen via Eivindvik over Rutledalen. Fylkeskommunen løyvde 12 millionar og Gulen kommune 8 millionar. BKK hadde i 2001 ytt eit lån på 3.2 millionar. Resten av pengane vart samla inn mellom grunneigarar og andre lokalt.

11. mai 2007 fekk fylkesordførar Nils R. Sandal og ordførar Trude Brosvik saman med Leif Nyhammer æra av å opne fylkesvegen Sollibotn-Dingja.[1]

Ulukke[endre | endre wikiteksten]

Ei større ulukke, Sea Cat-ulukka hende 4. november 1991, då katamaranen «Sea Cat» frå Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane grunnstøytte ved Mjømna i Gulen. Båten hadde då like før reist frå Sollibotn og var på veg til Bergen.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Nordhordland: «Jubel for ny Dingja-veg»

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]