Solmaksimum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein prediksjon for solflekksyklus 24 (2008–2020) gjev eit utjamna solflekk-tal på maksimalt ca. 66 sommaren 2013. Gjeldande observasjonar gjer dette til den lågaste solflekksyklusen sidan registreringar starta på 1750-talet.

Solmaksimum er ein normalperiode med den største solaktiviteten i den 11-årige syklusen til sola. Under eit solmaksimum oppstår fleire solflekker og irradiansen til sola aukar med om lag 0,07 %.[1] I gjennomsnitt tar solflekksyklusen om lag 11 år å gå frå eit solmaksimum til det neste, som er observert til å vara mellom 9 og 14 år.

Større solstormar går ofte føre seg under eit solmaksimum. Til dømes solstormen i 1859, som var den mest intense registrerte magnetiske stormen og er i stor grad rekna for å ha vorte forårsaka av ein solstorm av liknande proporsjonar.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. C. D. Camp; K. K. Tung (2007). «Surface warming by the solar cycle as revealed by the composite mean difference projection» (PDF). Geophysical Research Letters 34 (14): L14703. Bibcode:2007GeoRL..3414703C. doi:10.1029/2007GL030207. Henta 20 January 2012. 
  2. «Monster radiation burst from Sun». BBC News. 14 May 2013. Henta 6. januar 2015.