Solselle
(Omdirigert frå Solseller)
Solseller eller solceller er elektroniske einingar som kan konvertera energien i solljos til elektrisk energi gjennom den fotovoltaiske effekten.
Den fyrste fotovoltaiske modulen vart bygd ved Bell Laboratories i 1954 og vart kalla eit solbatteri, men det var mest ein kuriositet sidan det var dyrt i produksjon. I 1960-åra byrja romindustrien å gjera den fyrste seriøse bruken av solseller for å gje straum til romfartøy. Gjennom romprogramma vart solselleteknologien betra og produksjonskostnadene gjekk ned. Under energikrisa i 1970-åra fekk sollselleteknologi merksemd som ein måte å produsera straum nede på jorda òg.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- How do Photovoltaics Work? - NASA Science