Solskjelsvatnet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Solskjelsvatnet ligg på Solskjeløya i Aure kommune på Nordmøre. Vatnet ligg 21,5 meter over havoverflata. Det er kring 200 meter på det breiaste og kring 600 meter langt.

Fiske[endre | endre wikiteksten]

I Solksjelsvatnet finst det bra med aure. Fisk opp til 600-700 gram er ikkje uvanleg. Det er to variantar av auren, ein er nesten heilt blank, den andre varianten er brunleg med raude prikkar. Han gyt i ein bekk ved sørsida av vatnet om hausten. Sjø-auren kan gå heilt opp i vatnet om hausten ved stor vassføring.

Det finst òg ål i vatnet. For å fiska i vatnet må ein ha løyve frå grunneigaren.