Solum prestegard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Koordinatar: 59°13′22″N 9°36′33″E

Foto: Ina Backer / Riksantikvaren (1972)

Solum prestegard ligg sørvest for Solum kyrkje, på den andre sida av Klovholtvegen. Tre bygningar på prestegardstunet er freda: hovudbygningen, forpaktarbustaden og eit lysthus.

Hovudbygningen er eit laftebygg i to etasjar med ståande panel og valmtak. Bygningen vart oppført i 1715, men vart bygd om fleire gonger på 1800-talet og har sin noverande utsjånad frå 1842. Forpaktarbustaden er ifylgje Opplysningsvesenets fond frå 1800-talet, medan alderen til lysthuset synast å vere ukjend. Hovudbygningen og forpaktarbustaden vart måla sommaren 2018.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]