Solvang & Skåredalen Skolekorps

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Solvang & Skåredalen skolekorps er eit skulemusikkorps i Haugesund i Rogaland.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Korpset stammar frå Breidablikk skolekorps, stifta 1912, men då skulen vart lagd ned, flytta drifta over til Solvang skule som stod klår i 1960. Korpset heitte då Solvang skulekorps. Då Skåredalen skule stod klår i 2003 vart ein del av elevane på Solvang skule flytta over til Skåredalen skole. Skulane valde difor å danna eit felles korps framfor to individuelle, sidan mange av medlemmane som flytta over til Skåredalen allereie gjekk i Solvang skulekorps.

Korpset talte rundt 35 medlemmar hausten 2009, men omstende førde til at korpset talte 12 medlemmar neste år. Styret gjekk då ut med melding at om ingen tok over drifta, ville korpset leggjast ned. I ein periode var det berre 9 medlemmar. Eit nytt styre tok så over, og det vart sett i verk eit aktivt rekrutteringsarbeid. Våren 2016 talde korpset 53 medlemmar, fordelt over eit hovudkorps og eit juniorkorps som starta opp våren 2016.

Konkurransar[endre | endre wikiteksten]

Rogalandsmesterskapet i korps[endre | endre wikiteksten]

Korpset deltek årleg på Rogalandsmesterskapet i skulekorps (RM), og har dei siste åra vist stor fremgang. Frå 2016 deltek korpset i 3. divisjon, og frå 2018 i 2. divisjon.

År Divisjon Poengsum Plassering
2012 4 84 4
2013 4 85 2
2014 4 86 3
2015 4 89 2
2016 3 89 4
2017 3 92 1
2018 2 89 3
2019 1 86 4
2020 Meisterskapen vart i sin heilskap avlyst på grunn av covid-19[1]

Norgesmesterskap for skulekorps[endre | endre wikiteksten]

Etter sigeren i 3. divisjon i Rogalandsmesterskapet 2017 vart det bestemt at korpset skulle delta i NM for skulekorps i 2018. Korpset valde då å stilla i 3. divisjon under NM.

År Divisjon Poengsum Plassering
2018 3 86 6
2019 3 93 2

Stavanger Open[endre | endre wikiteksten]

Stavanger Open er ein skulekorpskonkurranse som vert arrangert kvar haust. Korpsa vert dømt på to ulike måtar: I ferdighieter og skodespel

År Divisjon Poengsum Plassering
2018 2 90 6

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «AVLYST – Rogalandsmesterskapet for skolekorps 2020Norges Musikkorps Forbund». musikkorps.no (på norsk bokmål). Henta 16. april 2020.