Solveig Fiske

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Solveig Fiske

Statsborgarskap Noreg
Fødd 26. oktober 1952 (71 år)
Frei kommune
Yrke prest, teolog
Verv Biskop i Hamar
Periode 2006–2022
Føregangar Rosemarie Köhn
Religion Den evangelisk-lutherske kyrkja
Solveig Fiske på Commons

Solveig Margrete Fiske (fødd 26. oktober 1952) er ein norsk luthersk teolog og biskop. Ho var biskop i Hamar bispedømme 2006–2022.[1]

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Fiske kjem opphavleg frå Frei i Møre og Romsdal. Ho tok teologisk embetseksamen ved Menighetsfakultetet i Oslo i 1980, og praktisk teologisk eksamen ved same lærestad i 1981. I januar 1982 vart ho ordinert til prest.[2]

Solveig Fiske har hatt heile prestetenesta si i Hamar bispedøme. Ho byrja som residerande kapellan i Elverum i 1981, med hovudteneste i det austlege soknet i prestegjeldet: Hernes, Sørskogbygda og Nordskogbygda. Ho vart i 1994 sokneprest i Løten. Frå 2005 til 2006 hadde ho eit engasjement som personalsjef ved Hamar bispedømekontor.

Fiske vart utnemnd til biskop i Hamar bispedømme den 13. oktober 2006, og vigsla til biskop ved gudstenesta i Hamar domkyrkje søndag 17. desember 2006. Presesen i bispekollegiet, biskop Olav Skjevesland, stod for seremonien.

Fiske har vore leiar av Norsk kvinnelig teologforening, og vore engasjert i kvinnene sin situasjon i kyrkje og samfunn, også i internasjonal samanheng. Ho har også vore styreleiar i Kirkens ressurssenter mot vold og seksuelle overgrep.[2]

Ho er gift med sjukehuspresten Guttorm Eidslott, og er svigerdotter til lyrikaren Arnold Eidslott.

I samband med jula 2006 gav ho i eit intervju med NTB tilkjenne at ho ville arbeide for eit ritual for inngåing av partnerskap for homofile i kyrkja, og at ho var tilhengjar av statskyrkjesystemet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Hågensen, Kristina (10. november 2022), «Dette er den nye biskopen i Hamar», NRK (på norsk bokmål), henta 27. mars 2023 
  2. 2,0 2,1 «Hamar bispedømme», web.archive.org, 23. mai 2007, arkivert frå originalen 23. mai 2007, henta 27. mars 2023 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]


Biskopar i Den norske kyrkja
Preses: Olav Fykse Tveit  | Agder og Telemark: Stein Reinertsen | Bjørgvin: Ragnhild Jepsen | Borg: Kari Mangrud Alvsvåg | Hamar: Ole Kristian Bonden | Møre: Ingeborg Midttømme | Nidaros: Herborg Finnset | Nord-Hålogaland: Olav Øygard | Oslo: Kari Veiteberg | Stavanger: Anne Lise Ådnøy | Sør-Hålogaland: Svein Valle | Tunsberg: Jan Otto Myrseth