Solveig Gulbrandsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Solveig Gulbrandsen
Solveig Gulbrandsen.jpg
Statsborgarskap Noreg
Fødd 12. januar 1981
Oslo
Idrett fotball
Yrke fotballspelar

Solveig Ingersdatter Gulbrandsen (fødd 12. januar 1981) er ein norsk fotballspelar frå Oslo. I tida 1998-2015 spelte ho 184 landskampar og skåra 55 mål. Høgdepunktet kom då ho i 2000 vann OL-gull for Noreg. Både i 2005 og 2013 vann ho EM-sølv. Midtbanespelaren Gulbrandsen var i tolv år medlem av Kolbotn IL, seinare av Stabæk IF og Vålerenga. I 2015 spelar ho sin 13. sesong på Kolbotn. Faren hennar, Terje Gulbrandsen, spelte to fotballandskampar for Noreg.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Gulbrandsen spelte sin fyrste cupfinale som 17-åring i 1998. Dei neste åra var ho sentral på midtbanen til Kolbotn IL, der ho utmerkte seg med fine pasningar, løpsstyrke og gode skot. Ho kom ofte høgt på lista over toppskårar, i 2003 delte ho prisen som toppskårar med to andre kvinner.

I åra frå 2002 til 2007 låg Kolbotn i aller øvste sjiktet av norske fotballag på kvinnesida. Laget vart seriemeister i 2002 og spelte seg fram til sin andre NM-finale i 2003, der det var stor favoritt mot Medkila IL, men gjekk på eit høgst overraskande 1-2-tap. Både i 2005 og 2006 sikra Gulbrandsen og Kolbotn seg sigeren i toppserien, og i 2007 vart ho norsk meister då Kolbotn slo Asker 4-2 i cupfinalen. Hausten 2006 nådde Kolbotn langt i meisterligaen for kvinner, fyrst i semifinalane mot svenske Umeå måtte laget gje tapt for overmakta.

Etter tolv sesongar i Kolbotn melde Gulbrandsen overgong til Stabæk IF i 2009-sesongen. Etter ein sesong i Stabæk fekk ho kontrakt med FC Gold Pride i USA, men gav seg allereie i juli 2010 og reiste tilbake til Noreg og Stabæk.

Etter ein fødsel i 2011 kom ho tilbake på fotballbana i 2012, som spelar på Vålerenga. Hausten 2014 spelte ho for Stabæk IF, medan ho i 2015 er Kolbotn-spelar.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Gulbrandsen debuterte på det norske kvinnelandslaget 17. juni 1998 i ein kamp mot Tyskland. Hausten to år seinare var ho del av gullaget i fotball under OL 2000 i Sydney. Ho var også med på sølvlaget under fotball-EM 2005, skåra mellom anna to mål i semifinalen mot Sverige.

I 2009 var ho med då Noreg tapte semifinalen mot europameister Tyskland. Etter ein landslagspause på to år kom ho tilbake hausten 2012, og fekk spele alle kampane då Noreg under fotball-EM 2013 tok seg heilt til finale i Stockholm. I finalen mot Tyskland bomma ho på eit straffespark på stillinga 0-0. Ved full tid stod det 1-0 til Tyskland.

Etter landslagsdebuten i 1998 har Gulbrandsen delteke i fire verdsmeisterskapar; 1999, 2003, 2007 og 2015, Sommar-OL 2000 og 2008, samt alle fire europemeisterskapane i hennar tid som landslagsspelar; 2001, 2005, 2009 og 2013. Berre Hege Riise med sine 188 kampar har fleire landskampar for det norske kvinnelandslaget.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • OL-gull 2000
  • EM-sølv 2005 og 2013
  • Seriemeister 2002, 2005 og 2006 med Kolbotn
  • Noregsmeister 2007 med Kolbotn

Kjelder[endre | endre wikiteksten]