Solveig Kloppen
| Solveig Kloppen | |
| Statsborgarskap | Noreg |
| Fødd | 10. juni 1971 (55 år) Trondheim |
| Yrke | journalist, programleiar, radioprogramleiar, skodespelar, komikar |
| Politisk parti | Ensomheitspartiet[*] |
| Ektefelle | Kjartan Brügger Bjånesøy |
| Prisar | Gullruten for beste programleder, Gullrutens publikumspris, Gullruten for beste programleder, Gullruten for beste programleder |
| Solveig Kloppen på Commons | |
Solveig Kloppen (fødd 10. juni 1971 i Trondheim) er ein norsk skodespelar og programleiar.
Liv og virke
[endre | endre wikiteksten]Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]Solveig Kloppen er oppvaksen i Vik i Sogn og på Jessheim på Øvre Romerike. Som russ ved Jessheim vidaregåande skule i 1991 var ho både revysjef, instruktør og artist. Ho har utdanning frå universiteta i Bergen og Oslo, frå Journalisthøgskulen og dessutan frå Fysioterapihøgskulen i Oslo.
Karriere
[endre | endre wikiteksten]Solveig Kloppen har tidlegare vore standup-komikar. Ho spelte resepsjonisten Tina i komiserien Bot og bedring på TV 2 frå 1996 til 1998 og leidde prateprogrammet Mandagsklubben på TVNorge i 2000 og ungdomsprogrammet Trigger på NRK saman med Thomas Numme. Sommaren 2003 leidde ho Petres sommermorgen på radiokanalen NRK P3 saman med Annette Walther. Same haust laga ho skjult-kamera-innslag til NRK1 sitt laurdagsunderhaldningsprogram LørDan. Ho spelte lesbiske Marte i den romantiske filmkomedien Kvinnen i mitt liv som vart lansert i 2003 og rollen som Mortimers mor i eventyrfilmen Dragevokterens jul frå 2020.
Solveig Kloppen var programleiar i Idol på TV 2 saman med Ingrid Gjessing i 2004-sesongen og med Kåre Magnus Bergh i 2005 og 2006. For innsatsen i Idol vann ho publikumsprisen under Gullruten 2005. Ho var òg nominert til Gullruten 2008 for innsatsen som programleiar for Hjelpekorpset saman med Helén Vikstvedt. Våren 2011 var ho medprogramleiar i TV 2-serien Svendsen om Hansen og Jensen der ho og Truls Svendsen freista å avkrefta eller stadfesta mytar nordmenn har om kvarandre. Serien vart kåra til beste magasin- eller livsstilsprogram under Gullruten 2011. Seinare var ho programleiar i Ønskedrømmen på TV 2 saman med Øyvind Mund og Carsten Skjelbreid og frå januar 2015 TV2-programmet En kveld hos Kloppen. For programmet vann ho Gullruten 2017 i klassa beste kvinnelege programleiar og var nominert til publikumsprisen under Gullruten 2018.[1][2] Føre Gullruten 2018 vart ho nominert i klassa beste programleiar for Det jeg ikke fikk sagt og til publikumsprisen.[3]
Ho har òg leidd Spellemannprisen to gonger saman med Ivar Christian Johansen (2009 og 2010) og Amandaprisen 2013.
Sidan 2012 har ho vore programleiar for talentkonkurransen Norske Talenter.[4] Den første sesongen ho var programleiar leidd ho sendingane saman med Stian Blipp, men har sidan 2014 vore programleiar åleine.
Kloppen er gift med Dagbladet-journalisten Kjartan Brügger Bjånesøy. Saman har dei to barn.[5]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Rørt Leo vant sin første Gullrute-pris». 2017-05-12. Henta 2017-05-14.
- ↑ «Gullruten: Stem på din TV-favoritt!». 2018-03-21. Arkivert frå originalen 2018-05-29. Henta 2018-05-10.
{{cite web}}: Invalid|url-status=yes(hjelp) - ↑ «Dette er de nominerte til Gullruten 2019». 2019-04-05. Henta 2019-05-07.
- ↑ AS, TV 2 (2012-04-13). «Møt TV 2s nye programlederduo» (på norsk). Henta 2021-10-27.
{{cite web}}: CS1 maint: numeric names: authors list (link) - ↑ Justad, Stig H. «Sov ikke på syv måneder» (på norsk). Henta 2021-10-27.
- Denne artikkelen bygger på «Solveig Kloppen» frå Wikipedia på bokmål, den 9. november 2021.