Solveig Kringlebotn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Solveig Kringlebotn

Fødd4. juni 1963 (60 år)
FødestadDrøbak
OpphavNoreg
Instrumentvokal
Stemmetypesopran
Verka somoperasongar
PrisarNorsk kulturråds ærespris, Spellemannprisen i klassisk musikk, Anders Jahres Kulturpris, Gammleng-prisen, ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden, Lindemanprisen

Solveig Kringlebotn (fødd 4. juni 1963) er ein norsk sopran og operasongarinne fødd i Drøbak i Akershus. Internasjonalt nyttar ho kunstnarnamnet Solveig Kringelborn.

Solveig starta tidleg med korsong, og fekk solooppgåver allereie i åtteårsalderen. Seinare tok ho songtimar med operasongaren Randi Helseth, der ho m.a. song mange songar av Edvard Grieg, studerte så ved Norges Musikkhøgskole og til slutt ved Operahögskolan i Stockholm der ho var ferdig i 1988. Etter dette har ho jamleg teke songtimar av David Harper i London.

Ho debuterte på operascena i Stockholm i 1987 som Papagena i Tryllefløyta av Mozart. Same året spelte ho i Den Norske Opera i La Bohéme av Giacomo Puccini. Seinare har ho fått talrike operaroller, og ho er i dag ein av dei viktigaste sopranane i Norden. I 1991 debuterte ho internasjonalt i London i eit stykke som var skrive for henne; Chantefleurs et Chantefables av Witold Lutosławski. Ho har seinare framført det same stykket mange andre stader i verda.

Viktige roller (utval)[endre | endre wikiteksten]

Diskografi (utval)[endre | endre wikiteksten]

  • Black Roses, 1999
  • Solveigs sang, 2001 [1]
  • To a Friend, 2001 [2]
  • Haugtussa, 2003 (med Malcom Martineau), [3]
  • Erwartung, 2006(med Malcom Martineau) [4]
  • Romanser - sanger fra norsk musikks gyldne æra, (med Gunilla Süssmann) 2008 [5]
  • Julestemning, 2009 [6]

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]