Solveyg Schafferer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Solveyg Schafferer
Fødd 4. april 1928
Ludwigshafen am Rhein
Yrke bilethoggar
Skulpturgruppe på Vestli skole i Oslo

Solveyg Waltrude Schafferer (fødd 4. april 1928) er ein norsk bilethoggar. Ho har norsk mor og austerriksk far, fødd i Ludwigshafen i Tyskland og budde i Innsbruck fram til ho var ti år. Familien flytta til Trondheim i 1939 og måtte flykte til Sverige under andre verdskrigen.

Utdanning og kunstnarleg verksemd[endre | endre wikiteksten]

Solveyg Schafferer byrja på kunstskule i Trondheim 1948, og debuterte som teiknar og bilethoggar i Trondhjems Kunstforening i 1950. Frå 1950-1955 gjekk ho på Statens Kunstakademi i Oslo, der ho hadde professor Per Palle Storm som lærar. Ho debuterte på Haustutstillinga (Statens Kunstutstilling) i 1951 som bilethoggar, og har i alt hatt 26 arbeid med på Haustutstillinga over fleire år. I åra 1972-1974 hadde ho Statens 3-årige arbeidsstipend, og frå 1977 Statens garantiinntekt for kunstnarar.

Hovudmengda av statuettane og skulpturane hennar syner born i leik eller i andre daglege gjeremål. Skulpturane er vanlegvis støypte i bronse, medan statuettar og mindre grupper vanlegvis er i tinn, polyester, sement eller patinert gips. Figurane er gjerne forenkla og gjeve ei litt røff overflate, men med naturalistiske ansikt. Ho har laga mange skulpturar til fleire av entreprenøren Olav Selvaag og Selvaag-gruppens byggefelt på Austlandet. I portrett-bystane har ho gjeve ei djupare karakteristikk av personane ho portretterer. Somme av arbeida hennar er støypte i fleire eksemplar. Mange av dei større verka hennar er å sjå på offentlege plassar kringom i Noreg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]