Solvorn-Ornes
Utsjånad
Solvorn-Ornes | |||
| |||
Rutenummer | 1048 (Skyss) | ||
---|---|---|---|
Trasé | Solvorn-Ornes | ||
Rutenett | Tidlegare ferjesamband i Indre Sogn Kommunale ferjer i Vestland | ||
Forvaltar | Luster kommune | ||
Trafikkselskap | Lustrabaatane | ||
Oppretta | 1963 | ||
Tidlegare trasé | Årdalstangen-Ornes-Kroken-Solvorn | ||
ferjesambandet Solvorn–Ornes 61°17′56″N 7°16′52″E / 61.2989953°N 7.2811311°E |
Solvorn-Ornes er eit kommunalt ferjesamband over Lustrafjorden mellom Solvorn og Ornes i Luster kommune, og er popular blant turistane som skal til og frå Urnes stavkyrkje.
Ferjesambandet vart til i 1963 som sambandet Årdalstangen-Ornes-Kroken-Solvorn, og skulle blant anna ha med seg mjølkebilen til ysteriet i Årdal. Kroken vart droppa som stoppestad i 1980-åra då bygda fekk vegløysing til Ornes. I august 1989 vart Årdalstangen òg sløyfa, og i årskiftet 1989/1990 trakk Fylkesbaatane seg ut av ruta. Sidan har sambandet gått mellom Solvorn og Ornes driven av private aktørar med kommunal støtte.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Finn Borgen Førsund (1998). Dampen og kaia : stoppestader for Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane 1858-1998. Førde: Selja forlag. s. 170-171. ISBN 82-91722-04-8.
- Magnus Helge Torvanger (2008). Frå dampskip til gassferjer : Fjord1 Fylkesbaatane 150 år : 1858-2008. Førde: Selja forlag. s. 76. ISBN 978-82-91722-93-1.