Soma

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Soma (fleirtyding).
Ilåt til å bera drikken soma som blir brukt i hinduiske athirathram-rituale i dag.

Soma (sanskrit सोम, sóma), eller haomaavestisk, er ein plante og ein drikk laga av han som er omtalt i dei heilage indoiranske skriftene Rigveda og Avesta. Personifiseringa av soma er også rekna som ein guddom.[1] I vediske tekstar kan ordet «soma» visa til både guden, planten og drikken.

Soma i mytologien[endre | endre wikiteksten]

Over hundre hymne i Rigveda er dediserte til Soma, og han blir omtalt som «Gud for gudane».[2] I nokre hymne blir han tilmed kalla skapar og far til gudane. Soma er også ei kjelde til skaparkraft eller fantasi. Dei vediske skriftene fortel også at somaplanten blei henta av ei ørn frå himmelen og planta han på fjell på jorda.[1]

Soma gjev dei som drikk han styrke, helse og glede, og gjer dei yngre og mektige. Indra fekk kraft frå han før viktige stridar, som då han nedkjempa monsteret Vritra.

I seinare hinduisme blei Soma identifisert med månen, der gudane skal ha lagra somaen.[1] Dette har gjort at namnet på måndag er sōmavāra (sanskrit) eller avleidde namn på mange indiske språk.

Som ein eigen person blir det fortald at Soma var gift med fleire systrer (anten 27 døtrer av Prajāpati eller 33 døtrer av Daksja). Dei tjuesju konene tilsvarer dei ulike naksjatraene i indisk astrologi, og favorittkona av desse var Rohini (stjerna Aldebaran).

Rigveda (8.48.3) seier:

ápāma sómam amŕ̥tā abhūma
áganma jyótir ávidāma devā́n
kíṃ nūnám asmā́n kr̥ṇavad árātiḥ
kím u dhūrtír amr̥ta mártiyasya[3]

Ei engelsk omsetjing av Ralph T.H. Griffith:

We have drunk soma and become immortal; we have attained the light, the Gods discovered.
Now what may foeman's malice do to harm us? What, O Immortal, mortal man's deception?

Ei anna omsetjing av swami Dayanand Saraswati:

Som (good fruit containing food not any intoxicating drink) apama (we drink you)
amŕtā abhūmâ (you are elixir of life) jyótir âganma (achieve physical strength or light of god)
ávidāma devân (achieve control over senses);
kíṃ nūnám asmân kṛṇavad árātiḥ (in this situation, what our internal enemy can do to me)
kím u dhūrtír amṛta mártyasya(god, what even violent people can do to me)

Drikken soma[endre | endre wikiteksten]

Somayajna i Kurool i Andhra Pradesh i India.

Framstillinga og bruken av somadrikken er skildra i Rigveda. Planten soma blir pressa og safta silt gjennom ull før han så blir blanda med ghi eller mjølk for så å ofrast.[1] Det blir fortald om både gudar og døydelege som drikk soma. Drikken skal hjelpa mot det meste av helseplager, forynga den som drikk og forlenga livet hans. Han kan òg frambringa syner. Nokre vediske hymne skildrar korleis prestar først såg gudane etter at dei hadde drukke soma.

Framgangsmåten for å framstilla av soma blei overlevert munnleg blant prestar, og er i dag ukjend. Det finst likevel tradisjonar der ein framstiller soma i dag med diverse erstatningar. I Sør-India blir det halde eit rituale kalla somayajna der ein bruker planten somalatha til å laga drikken.

Planten soma[endre | endre wikiteksten]

Det er omstridd kva plante soma eigentleg er, og gjennom tidene har det kome mange forslag. På grunn av at soma skal gje syner og verker oppkvikkande har ein leitt etter passande hallucinogen. Mange forskarar meiner det kan visa til ein type sopp.[1] Eit forslag er raud fluesopp (Amanita muscaria), som er kjend frå sjamanistiske ritual i Sibir. Andre kandidatar er slekta Ephedra, som omfattar plantar som inneheld efedrin og lenge har vore brukte i kinesisk medisin. Ein tenkjer også at ein kan ha blanda i cannabis og valmuefrø. Arkeologiske utgravingar i Gunur Tepe nær Merv i Turkmenistan har funne spor etter valmue, cannabis og efedrin i kokekar, men dette er så langt det einaste funnet.[4]

I Sør-India bruker ein slyngplanten somalatha (Sarcostemma acidum) til å framstilla soma for rituale i dag.

Soma i moderne kultur[endre | endre wikiteksten]

Ordet «soma» er blitt brukt fleire gonger om ulike lukkegjevande russtoff i moderne kultur. Eit velkjend døme er i Brave New World (1932) av Aldous Huxley, der det er eit stoff som gjev heile befolkninga ei kjensle av velvære utan bakrus eller nedturar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 Leeming, David (2001). «Soma». A Dictionary of Asian Mythology. Oxford University Press. 
  2. RV 9.42 ved sacred-texts.com
  3. https://liberalarts.utexas.edu/lrc/rigveda/RV08.php#H048
  4. Ask Michael Wood, The Story of India