Somalistraumen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Somalistraumen er ein havstraum i Indiahavet. Han går utanfor kysten av Somalia og Oman mellom ekvator og 8-9 ºN og er ein vestleg grensestraum, tilsvarande Golfstraumen i Atlanterhavet.[1] Om sommaren går han nordaustover og er til dels kraftig med ein snøggleik på 5-6 knop (9–10 km/t) og stor vasstransport. Straumen skiftar retning med monsunen, som kjem mellom april og oktober, slik at straumen om vinteren går sørvestover. Han er då ikkje like sterk og permanent. Straumen om sommaren fører til oppvelling av kaldt, næringsrikt vatn ved kysten.

Namnet Somalistraumen vert ofte berre nytta om den nordaustgåande straumen om sommaren (under sørvestmonsunen). Han kan då reknast som eit framhald av Sørekvatorialstraumen og startar då eigentleg sør for ekvator.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. McCreary, J.P., Kohler, K.E., Hood, R.R., and Olson, D.B. (1996) "A four compartment ecosystem model of biological activity in the Arabian Sea." Progress in Oceanography. 37, 193-240.

«Somalistrømmen» i Store norske leksikon, snl.no.