Some Heads Are Gonna Roll

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Some Heads Are Gonna Roll
Singel av Judas Priest
frå albumet Defenders of the Faith
B-side

«The Green Manalishi (With The Two-Pronged Crown)» (Live)

Språk engelsk
Utgjeve Februar 1984
Innspelt September-bovember 1983
Sjanger Heavy metal
Lengd 4:05
Selskap Columbia
Låtskrivar(ar) Robert Halligan jr..
Produsent Tom Allom
Judas Priest-kronologi 
«Love Bites»
(1984)
Some Heads Are Gonna Roll «Turbo Lover»
(1986)


«Some Heads Are Gonna Roll» er ein song av det britiske heavy metal-bandet Judas Priest. Han vart først gjeven ut i 1984 på albumet Defenders of the Faith, og gjeven ut på singel seinare på året.

Sjølve melodien vart skriven av Bob Halligan jr., som i dag spelar i bandet Ceili Rain.

Den første gitarsoloen i songen vert spelt av Glenn Tipton og den andre av K.K. Downing.

B-sida av singelen var ein konsertversjon av «The Green Manalishi (With The Two-Pronged Crown)», spelt inn på US Festival i Glen Helen Park, nær San Bernardino i California den 29. mai 1983. Han inneheld òg studioversjonen av «Jawbreaker» frå Defenders Of The Faith.

Songen vart plassert på lista over bannlyste songar hos Clear Channel etter 9/11.

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

«Some Heads Are Gonna Roll» vart spelt av bandet Fight or Flight på luksusutgåva av det første albumet deira, A Life by Design?.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]