Somebody to Love av Jefferson Airplane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Somebody to Love av Jefferson Airplane
Singel av Jefferson Airplane
frå albumet Surrealistic Pillow
B-side She Has Funny Cars
Utgjeve 1. april 1967
Innspelt 3. november 1966
Studio RCA, Hollywood, California
Sjanger Psykedelisk rock[1]
Lengd 2:54
Selskap RCA Victor
Låtskrivar(ar) Darby Slick
Produsent Rick Jarrard
Jefferson Airplane-kronologi
«My Best Friend»
(1966)
Somebody to Love av Jefferson Airplane «White Rabbit»
(1967)


«Somebody to Love» er ein rockesong skriven av Darby Slick og opphavleg spelt inn i 1960-åra av folkrockbandet The Great Society og seinare av det psyedeliske rockebandet Jefferson Airplane. Musikkmagasinet Rolling Stone rangerte Jefferson Airplane-versjonen på 274. plass på lista deira over dei 500 største songane gjennom tidene.

Great Society-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Songen vart skriven av The Great Society-gitaristen Darby Slick og først framført av dette bandet, der svigerinna hans Grace Slick song. Songen vart ikkje lagt merke til utanfor klubbmiljøet i San Francisco Bay Area. Songen kom ut som singel i 1966 på Autumn Records og selde særs lita utanfor San Francisco.

Jefferson Airplane-versjonen[endre | endre wikiteksten]

When the truth is found to be lies
and all the joy within you dies

Darby Slick (1966)

Grace Slick gjekk frå bandet for å bli med i Jefferson Airplane, to ho songen med seg og dei spelte han inn for Surrealistic Pillow, i lag med hennar eigen song, «White Rabbit». Den meir rocka versjonen til Airplane vart den første og største hitten til bandet. Singelen nådde femteplass på den amerikanske singellista.

«Somebody to Love» vart òg gjeven ut på det viktige albumet deira Surrealistic Pillow i februar 1967. Driven av den kraftfulle vokalen til Slick, er hardrockstilen til songen utypisk for den meir folk-aktige psykedeliaen som utgjorde mykje av albumet og det førre albumet til bandet. Teksten er i andre person, der kvart vers på to linjer omhandlar ei scene med framandgjering og fortviling. I refrenget vert tittelen på songen gjenteken fleire gonger, med små variasjonar, som «... / Don't you need somebody to love? / Wouldn't you love somebody to love? / ...» Som på albumet som songen kom ut på, var han særs viktig i å gjere motkulturrørsla i Haight-Ashbury kjend for resten av USA.

Denne versjonen finst i filmversjonen av Fear and Loathing in Las VegasRaoul Duke minnast første gongen han tok LSD på klubben The Matrix i San Francisco i 1967.

I filmen The Cable Guy frå 1996 syng Jim Carrey ein karaokeversjon av songen. Ein kan òg høyre songen på radio i byrjinga av filmen Four Brothers. Songen har ei metaforisk rolle i filmen til Coen-brørne' A Serious Man.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1967) Plassering
Canada RPM Top Singles[2] 1
U.S. Billboard Hot 100[3] 5
U.S. Cash Box Top 100[4] 5
Liste (1970) Plassering
Nederland (Nederlandsk Topp 40)[5] 3

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1967) Plassering
Canada [6] 38
U.S. Billboard Hot 100[7] 33
U.S. Cash Box [8] 22

Boogie Pimps-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Somebody to Love av Jefferson Airplane
Singel av Boogie Pimps
Utgjeve 11. januar 2004
Innspelt 2003
Sjanger Elektronisk
Lengd 2:59
Selskap Housesession
Låtskrivar(ar) Darby Slick
Produsent Mark J Klak, Mirko Jacob
Boogie Pimps-kronologi
Somebody to Love av Jefferson Airplane «Sunny»
(2004)


Ein versjon av «Somebody to Love» var debutsingelen til den tyske electronica-duoen Boogie Pimps. Han kom ut 11. januar 2004 og nådde tredjeplassen på UK Singles Chart og vart ein topp 20-hit i Irland, Australia, Danmark, Finland, Tyskland og Nederland. I dei fleste av desse områda vrt dette den einaste hitsingelen deira.[9]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (2004) Plassering
Australia (ARIA)[10] 10
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[11] 24
Danmark (Tracklisten)[12] 13
Finland (Suomen virallinen lista)[13] 17
Tyskland (Media Control AG)[14] 13
Irland (IRMA)[15] 7
Nederland (Nederlandsk Topp 40)[16] 11
Nederland (Mega Single Top 100)[17] 19
Skottland (Official Charts Company)[18] 3
Sveits (Schweizer Hitparade)[19] 70
UK Singles (Official Charts Company)[20] 3
UK Dance (Official Charts Company)[21] 3

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (2004) Plassering
Australia (ARIA)[22] 53
Australia Dance (ARIA)[23] 3
UK Singles (Official Charts Company)[24] 31

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
Australia (ARIA)[25] Gull 35 000^

^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Starr, Larry (2008). Rock: A Canadian Perspective. Oxford Univ Pr. s. 175. ISBN 978-0195427615. 
  2. RPM Top 100 Singles of 1967, 17. juni 1967
  3. Joel Whitburn's Top Pop Singles 1955-1990 - ISBN 0-89820-089-X
  4. Cash Box Top 100 Singles, 17. juni 1967
  5. "Nederlandse Top 40 – Jefferson Airplane search results" (på nederlandsk) Nederlandsk Topp 40. Stichting Nederlandse Top 40. Henta 10. desember 2018.
  6. RPM Top 100 Singles of 1967 Arkivert 2016-08-12 ved Wayback Machine.
  7. Musicoutfitters.com
  8. Cash Box Year-End Charts: Top 100 Pop Singles, 23. desember 1967
  9. «Boogie Pimps – Sunny (song)». australian-charts.com. Henta 9. juni 2019. 
  10. "Australian-charts.com – Boogie Pimps – Somebody to Love". ARIA Top 50 Singles. Hung Medien. Henta 9. juni 2019.
  11. "Ultratop.be – Boogie Pimps – Somebody to Love" (på nederlandsk). Ultratop 50. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch. Henta 9. juni 2019.
  12. "Danishcharts.com – Boogie Pimps – Somebody to Love". Tracklisten. Hung Medien. Henta 9. juni 2019.
  13. "Finnishcharts.com – Boogie Pimps – Somebody to Love". Suomen virallinen lista. Hung Medien. Henta 9. juni 2019.
  14. "Boogie Pimps - Somebody to Love". Charts.de. Media Control. Henta 9. juni 2019.
  15. "The Irish Charts – Search Results – Somebody to Love". Irish Singles Chart. Retrieved 9. juni 2019.
  16. "Nederlandse Top 40 – week 12, 2004" (på nederlandsk). Nederlandsk Topp 40 Stichting Nederlandse Top 40. Henta 9. juni 2019.
  17. "Dutchcharts.nl – Boogie Pimps – Somebody to Love" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch. Henta 9. juni 2019.
  18. "Archive Chart". Scottish Singles Top 40. Official Charts Company. Henta 9. juni 2019.
  19. "Boogie Pimps – Somebody to Love – swisscharts.com". Den svetisiske singellista. Hung Medien. Henta 9. juni 2019.
  20. "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company. Henta 9. juni 2019.
  21. "Archive Chart" UK Dance Chart. Official Charts Company. Henta 9. juni 2019.
  22. «ARIA Charts - End Of Year Charts - Top 100 Singles 2004». ARIA. Henta 9. juni 2019. 
  23. «ARIA Charts - End Of Year Charts - Dance Singles 2004». ARIA. Henta 9. juni 2019. 
  24. «The Official UK Singles Chart 2004» (PDF). UKChartsPlus. Henta 9. juni 2019. 
  25. «ARIA Charts – Accreditations – 2004 Singles». Australian Recording Industry Association. Henta 9. juni 2019. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]