Something

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Something»
Singel av The Beatles
frå albumet Abbey Road
A-side

«Come Together»

Språk engelsk
Utgjeve 31. oktober 1969
Innspelt Abbey Road Studios - 25. februar 1969
Sjanger Ballade
Lengd 3:00
Selskap Apple Records
Komponist George Harrison
Tekstforfattar George Harrison
Låtskrivar(ar) George Harrison
Produsent George Martin
The Beatles-kronologi 
«The Ballad of John and Yoko»
(1969)
«Something» «Let It Be»
(1970)


«Something» er ein singel gjeven ut av The Beatles i 1969 på albumet Abbey Road. Det var den første songen skriven av George Harrison som vart gjeve ut som A-sida til ein Beatles-singel. Det var ein av dei første Beatles-singlane som òg vart gjeve ut på eit av studioalbuma deira, og både denne og «Come Together» var på Abbey Road. «Something» var den einaste Harrison-songen som toppa den amerikanske hitlista medan han var i The Beatles.

John Lennon og Paul McCartney— dei to hovudlåtskrivarane i bandet - hylla begge «Something» som ein av dei beste songane Harrison hadde skrive. I tillegg til at han vart godt likt av kritikarane, selde singelen òg bra, og toppa Billboard-lista i USA og gjekk inn på Topp 10 i Storbritannia. I Noreg kom singelen seg aldri opp på førsteplassen, men låg sju veker på andreplass, heile tida bak «Sugar Sugar» av The Archies. Over 150 artistar har i ettertid spelt inn songen, mellom anna Elvis Presley, Shirley Bassey, Frank Sinatra, Tony Bennett, James Brown, Julio Iglesias, Smokey Robinson og Joe Cocker, og har vorte den nest mest innspelte Beatles-songen etter «Yesterday».[1]

Opphav[endre | endre wikiteksten]

I følgje dei fleste kjelder er «Something» ei hyllest til den dåverande kona til Harrison, Pattie Boyd. Harrison tok den første strofa frå James Taylor-songen «Something in the way she moves» og nytta han for å skrive ein mellombels tekst: Something in the way she moves / Attracts me like a pomegranate» som faktisk minner om den første teksten til «Yesterday» der arbeidstittelen var ‘Scrambled Eggs’. Seinare i 1969 gav Harrison si historie om korleis han komponerte songen:

Eg skreiv songen «Something» for albumet før dette, men eg fullførte han ikkje før heilt nyleg. Eg pleier å skrive både dei første få tekstlinjene og musikktonane saman samstundes... og så resten av melodien. Så skriv eg heile teksten. Det er som ein annan song som eg skreiv då me var i India. Eg skreiv heile det første verset og sa akkurat det eg trong å seie, og så trong eg å skrive eit par vers til, men syntes det var veldig vanskeleg. Men John gav meg eit hendig tips, han sa; 'Når du startar på ein ny song, prøv å gjere han ferdig med ein gong, medan du er i den rette stemninga.' For når du seinare går tilbake til songen er du i ei heilt anna stemning. Så no prøver eg alltid å gjere songen ferdig med ein gong..[2]

Det vart seinare klart at Harrison eigentleg ikkje hadde kona si i tankane. «Alle trur eg skreiv «Something» om Patti, men eigentleg tenkte eg på Ray Charles[3]

Den opphavleg utgåva av songen var på åtte minuttar, lengre enn «Hey Jude», med Lennon på piano på slutten av songen, og ein motmelodi på midten. I den endelege utgåva vart det ferjan, Lennon sitt piano vart nytta på Lennon-songen «Remember», medan motmelodien faktisk vart gjeve ut på samleplata «The Beatles Anthology 3».[4]

«Something» var nært polert ferdig for albumet The Beatles (White Album), men vart til slutt lagt til side. Harrison forklarte det slik i 1980:

Songen vart skriven på piano medan vi heldt på med å lage Det kvite albumet. Eg hadde ein pause medan Paul dreiv på med noko overdubbing så eg gjekk inn i eit ledig studiorom og starta å skrive. Det er eigentleg alt som skjedde, bortsett frå at midtpartiet i songen tok noko tid å klargjere. Songen kom ikkje med på Det kvite albumet fordi vi hadde alt ferdiggjort alle spora...

Songen vart seinare tenkt som ein del av Get Back-prosjektet, som vart til Let It Be, men han kom heller ikkje med her. Harrison greidde til slutt å tvinge songen til ferdig innspeling og offisielt spelte han songen inn på 26-årsdagen sin. Harrison spelte sologitar, med McCartney på bass og Ringo Starr på trommer. Billy Preston, ein av dei få som ikkje var medlem av The Beatles som har delteke på ei ferdig innspeling, vart med på orgel. George Martin skreiv strykearrangementet.

Utgjevinga[endre | endre wikiteksten]

Harrison hadde ikkje så høge tankar om songen i starten og gav han til Joe Cocker før han valde å produsere han for Abbey Road. Det tydde at utgåva til Joe Cocker faktisk kom ut før «originalen». Då The Beatles gav ut «Something» vart han raskt ein hit, og dei valde å gje songen ut som singel i Storbritannia, noko som brøyt den avdøde Brian Epstein, tidlegare manager for The Beatles, si avgjersle om aldri å gje ut ein single som først hadde vore gjeve ut på eit album.

Singelen vart gjeve ut den 31. oktober 1969 ved Apple Records med «Come Together» som delte plassen på ei dobbel A-side. Det var første gongen at Harrison som komponist var på A-sida av ein Beatles-singel.

Promofilmen for «Something» var ganske spesiell. I staden for å vise The Beatles som ei gruppe, vart dei i staden for vist fram kvar for seg i sine respektive heimar. På denne tida var The Beatles så lei av kvarandre at ingen av dei ville møte opp saman for innspelinga.

I USA vart songen gjeve ut som ein singel på Apple Records den 6. oktober og gjekk inn på singellistene 18. oktober. Det tok derimot ei stund før han nådde førsteplassen. Her hadde «Come Together» status som B-side, noko som trekte salet ned. Lykkelegvis for «Something» endra Billboard magazine reglane sine, og starta å telje både A- og B-sida i lag i staden for å skilje dei som tidlegare. Dermed låg «Something» aleine på toppen ei veke frå 29. november.

Suksess[endre | endre wikiteksten]

«Something» vart godt teken imot. John Lennon erklærte at «Something» var den beste songen på Abbey Road, og sa:

Det var ein pinleg periode der George sine songar ikkje var så gode og ingen ønskte å seie noko. Han var rett og slett ikkje i same liga ein lang periode. Det er ikkje for å baksnakke han, han hadde rett og slett ikkje den erfaringa som komponist som vi hadde.

McCartney meinte og at «Something» var den beste Harrison hadde skrive.

Frank Sinatra gjorde si utgåve av songen på 1970-talet sa han at «Something» var «den største kjærleikssongen dei siste femti åra». Sinatra gjorde ei endring i ei av strofene i songen til «You stick around, Jack / And she might show», noko Harrison likte godt. På alle konsertane sine der han spelte songen nytta han Sinatra si utgåve og ikkje sin eigen originale.

Av dei mange versjonane av «Something» var Harrison sine eigne favorittar var versjonane som James Brown og Smokey Robinson.

I 1970 vann «Something» Ivor Novello-prisen for å vere «Beste song musikalsk og lyrisk».

Teksten[endre | endre wikiteksten]

«Something» er ein song om tvil og utryggleik.[5] Forteljaren er ikkje sikker på om kjærleiken vil vare, eller om han verkeleg elskar den andre, men uansett vil han ikkje la henne sleppe unna, sjølv om han ikkje er sikker på om kjærleiken deira vert sterkare.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Lister og salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Beatles-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Liste (1969–70) Plassering
Australia - Go-Set Topp 40[6] 1
Den austerrikske singellista[7] 11
Canada - RPM 100 Singles[8] 1
Irish Singles Chart[9] 3
New Zealand NZ Listener[10] 1
Noreg - VG-lista[11] 2
Sverige - Kvällstoppen[12] 5
UK Singles Chart[13] 4
US Billboard Hot 100[14] 1
Vest-Tyskland Media Control[15] 1

Shirley Bassey-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Liste (1970–71) Plassering
Australia - Go-Set Topp 60[16] 47
Den austerrikske singellista[17] 19
Belgia - Ultratop[18] 11
Nederland MegaCharts[19] 10
Frankrike SNEP[20] 34
Irish Singles Chart[21] 13
New Zealand NZ Listener[22] 3
UK Singles Chart[23] 4
US Billboard Hot 100[24] 55
US Billboard Adult Contemporary[24] 6
Vest-Tyskland - Media Control[19] 40

Salstrofé (Beatles-versjonen)[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
USA (RIAA)[25] 2× Platina 4 000 000^

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Time Arkivert 2012-02-28 ved Wayback Machine. Robert Sullivan, His Magical, Mystical Tour, 10. desember 2001.
  2. Album: Abbey Road.
  3. Paul Cashmere (1996). "George Harrison Gets "Undercover".
  4. Craig Cross (2004). «Beatles songs - S». 
  5. Leng, Simon (2006). While My Guitar Gently Weeps: The Music of George Harrison. Hal Leonard. s. 41. ISBN 1-4234-0609-5. 
  6. «Go-Set Australian Charts – 20 December 1969». poparchives.com.au. Arkivert frå originalen 28. mars 2015. Henta 16. august 2016. 
  7. «Diskografi The Beatles». austriancharts.at. Henta 16. august 2016. 
  8. «RPM Top Singles – Volume 12, No. 15, November 29, 1969». Library and Archives Canada. Henta 16. august 2016. 
  9. «Search by Artist > The Beatles». irishcharts.ie. Henta 16. august 2016. 
  10. «Search NZ Listener > 'The Beatles'». Flavour of New Zealand/Steve Kohler. Henta 16. august 2016. 
  11. «Diskografi The Beatles». norwegiancharts.com. Henta 16. august 2016. 
  12. «Swedish Charts 1969–1972/Kvällstoppen – Listresultaten vecka för vecka > 'December 1969' (in Swedish)» (PDF). hitsallertijden.nl. Arkivert frå originalen den 20 February 2013. Henta 16. august 2016. 
  13. «The Beatles». Official Charts Company. Henta 23 February 2015. 
  14. Mapes, Jillian (5 February 2014). «George Harrison's 10 Biggest Billboard Hits». billboard.com. Henta 16. august 2016. 
  15. «The Beatles Single-Chartverfolgung (in German)». musicline.de. Arkivert frå originalen 13 December 2013. Henta 16. august 2016. 
  16. «Go-Set Australian Charts – 16 January 1971». poparchives.com.au. Arkivert frå originalen 29. mars 2015. Henta 16. august 2016. 
  17. «Shirley Bassey – Something». austriancharts.at. Henta 16. august 2016. 
  18. «Shirley Bassey – Something». ultratop.be. Henta 16. august 2016. 
  19. 19,0 19,1 «Shirley Bassey – Something». dutchcharts.nl. Henta 16. august 2016. 
  20. «Tous les Titres par Artiste > Shirley Bassey (in French)». infodisc.fr. Arkivert frå originalen 20. september 2013. Henta 16. august 2016. 
  21. «Search by Artist > Shirley Bassey». irishcharts.ie. Henta 16. august 2016. 
  22. «Search NZ Listener > 'Shirley Bassey'». Flavour of New Zealand/Steve Kohler. Henta 16. august 2016. 
  23. «Shirley Bassey». Official Charts Company. Henta 16. august 2016. 
  24. 24,0 24,1 «Shirley Bassey: Awards». AllMusic. Henta 16. august 2016. 
  25. «American single salstrofé – The Beatles – Something». Recording Industry Association of America. Henta 16. august 2016.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Single, then click SEARCH