Something Happened on the Way to Heaven

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Something Happened on the Way to Heaven
Singel av Phil Collins
frå albumet …But Seriously
B-side «I Wish It Would Rain Down»
Utgjeve 28 April 1990[1] (UK)

19. juli 1990 (US)

Sjanger Poprock
Lengd 4:50
Selskap Atlantic, Virgin, WEA
Produsent Phil Collins
Phil Collins-kronologi
«I Wish It Would Rain Down»
(1990)
Something Happened on the Way to Heaven «That's Just the Way It Is»
(1990)


«Something Happened on the Way to Heaven» er ein song av Phil Collins frå albumet …But Seriously frå 1989. Songen vart gjeve ut som singel i 1990 og nådde fjerdeplassen på Billboard Hot 100-lista i USA same året. Eit konsertopptak av songen finst på Serious Hits... Live!. Songen vart skriven av Phil Collins og Daryl Stuermer og var produsert av Phil Collins og Hugh Padgham. Han vart òg gjeven ut på ...Hits. Songen vart opphavleg skriven for filmen War of the Roses.

Songen vert ofte best hugsa for linja «How many times can I say «I'm sorry»?».

Innhald[endre | endre wikiteksten]

CD maxi
  1. «Something Happened on the Way to Heaven» – 4:37
  2. «Something Happened on the Way to Heaven» (Remix) – 5:38
  3. «I Wish It Would Rain Down» (Demo) – 5:19
7" singel
  1. «Something Happened on the Way to Heaven» (Edit) – 4:37
  2. «I Wish It Would Rain Down» (Demo) – 5:19
12" maxi
  1. «Something Happened on the Way to Heaven» – 4:37
  2. «Something Happened on the Way to Heaven» (Remix) – 5:38
  3. «I Wish It Would Rain Down» (Demo) – 5:19

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Lister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1990) Plassering
Nederland[2] 5
Finland (Suomen virallinen)[3] 9
Frankrike[4] 35
Tyskland 26
Irland[5] 8
Sveits[4] 26
UK Singles Chart[6] 15
USA Billboard Hot 100[7] 4
USA Billboard Hot Adult Contemporary Tracks 2
USA Billboard Hot Mainstream Rock Tracks[7] 34

Deborah Cox-versjonen[endre | endre wikiteksten]

I 2003 spelte den kanadiske songaren Deborah Cox i ein R&B-versjon av songen, som kom ut på hyllestalbumet Urban Renewal for Phil Collins. Ein club-miks vart gjeve ut som singel og denne nådde toppen av Billboard Hot Dance Airplay-lista i USA i november 2003 og vart liggande på toppen heilt til februar 2004. Songen låg i alt 11 veker på førsteplassen, noko som var rekord fram til Lady Gaga braut rekorden i 2009 med singelen «Poker Face», som låg 15 veker på toppen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. http://www.scribd.com/doc/7124003/Overzicht-Singles
  2. «Single top 100 over 1990» (pdf) (på Dutch). Top40. Henta 12. februar 2013. 
  3. Nyman, Jake (2005). Suomi soi 4: Suuri suomalainen listakirja (på Finnish) (1st utg.). Helsinki: Tammi. ISBN 951-31-2503-3. 
  4. 4,0 4,1 «"Something Happened on the Way to Heaven», in various singles charts». Lescharts. Henta 12. februar 2013. 
  5. «Irish Single Chart». irishcharts.ie. Henta 12. februar 2013. 
  6. «UK Singles Chart». chartstats.com. Arkivert frå originalen 2007-03-01. Henta 12. februar 2013. 
  7. 7,0 7,1 «Billboard». allmusic. Henta 12. februar 2013.