Sometimes When We Touch

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sometimes When We Touch
Singel av Dan Hill
B-side «Still Not Used To»
Utgjeve 4. februar 1978
Innspelt 1977
Sjanger Softrock[1]
Lengd 4:05
Selskap GRT TU 2750/20th Century Fox
Låtskrivar(ar) Dan Hill (tekst), Barry Mann (musikk)

«Sometimes When We Touch» er ein ballade frå 1977 skriven av Dan Hill (tekst) og Barry Mann (musikk) på albumet Longer Fuse. Songen vart gjeven ut på singel i 1978. Det vart den største hitten til Hill og han nådde tredjeplassen på Billboard Hot 100 i USA og 10. plassen på Easy Listening-lista.[2] Musikarane som spelte på songen var mellom andre Bobby Ogdin (piano), Larrie Londin (trommer), Bob Mann (gitar), Don Potter (gitar), Tom Szczesniak (bass). Plata vart produsert av Fred Mollin og Matthew McCauley og spelt inn i Manta Sound i Toronto.

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Tina Turner spelte inn ein versjon av songen i 1978 for albumet Rough. Ein estiskspråkleg versjon av songen (kalla «Puudutus») finst òg.

Den britiske dance-songaren Newton tok songen til topp 40 i Storbritannia og nådde 32. plassen i februar 1996 og femteplass i Australia.

Skabandet Five Iron Frenzy spelte songen som ein del av ein «Medley» under farvellturneen sin i 2004. Ein versjon vart òg spelt inn i 1980 av Cleo Laine og James Galway. Tammy Wynette spelte songen i 1985 med country-pop-songaren Mark Gray. Duettversjonen deira nådde sjetteplassen på countrylista i 1985. Den britiske songaren Rod Stewart spelte inn songen i 1996 for albumet If We Fall in Love Tonight. Den britiske underhaldaren Tommy Steele spelte inn ein versjon på Family Album.

När vi rör varann[endre | endre wikiteksten]

Det finst ein svensk versjon av songen kalla När vi rör varann, skriven av Ingela «Pling» Forsman og spelt inn av Kikki Danielsson i 1980 og Susanne Alfvengren i 1984. När vi rör varann vart ein signaturlåt for Susanne Alfvengren. Monica Silverstrand-versjonen nådde setteplassen på Svensktoppen i 1980. .

Den svenske operasongaren Loa Falkman song denne songen på albumet sitt Symfonin i 1990.

Lister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1978) Plassering
New Zealand [3] 4

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «The 10 Ickiest Soft-Rock Hits of the '70s - Oldies Music». Oldies.about.com. 2014-04-03. Henta 12. april 2016. 
  2. Whitburn, Joel (2002). Top Adult Contemporary: 1961-2001. Record Research. s. 115. 
  3. «Sometimes When We Touch». Charts NZ. 1978. Henta 20 Mai 2011. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]