Sometimes a Fantasy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sometimes a Fantasy
Singel av Billy Joel
frå albumet Glass Houses
B-side

«All for Leyna»

Utgjeve 1980
Innspelt 1979
Sjanger Rock, new wave[1]
Lengd 4:19 (3:40 album)
Selskap Columbia
Låtskrivar(ar) Billy Joel
Produsent Phil Ramone
Billy Joel-kronologi 
«Don't Ask Me Why»
(1980)
Sometimes a Fantasy «Say Goodbye to Hollywood»
(Live)
(1981)


«Sometimes a Fantasy» er ein song av Billy Joel frå albumet Glass Houses i 1980. Songen vart gjeven ut som den siste singelen frå albumet og nådde 36. plasse på den amerikanske Billboard Hot 100.

Songen startar med at Joel slår eit nummer på ein telefon (som ein kan sjå på singelomslaget). Telefonnummeret som vert ringt er 516-673-1112.[2] Teksten handlar om ein seksuelt frustrert mann som prøver å overtyde kjærasten om ha telefonsex. Han forklarer at han er einsam sidan dei er langt borte frå kvarandre.

Musikkvideo[endre | endre wikiteksten]

Videoen starta med Joel i senga og ringer nummeret til kvinna. Ho plukkar så opp telefonrøyret og musikken starta. Gjennom telefonen syng Joel teksten til ho. Mot slutten av videoen viser det seg at det heile var ein fantasi og at ingen svarte på telefonen.

Anna[endre | endre wikiteksten]

Singelversjonen er 39 sekundar lengre enn albumversjonen. Albumversjonen tonar ut tidlegare enn singelversjonen.[3] Singelversjonen er aldri gjeven ut andre stader.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Lister[endre | endre wikiteksten]

Lister Plassering
Canada[4] 21
U.S. Billboard Hot 100 36

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «This Week's Forgotten Gem of the '80s - Billy Joel's «Sometimes a Fantasy»». 80musikk.about.com. 27. desember 2006. Henta 29. august 2014. [daud lenkje]
  2. «Billy Joel - SOMETIMES A FANTASY». Youtube.com. Henta 16. februar 2014. 
  3. «Billy Joel - Sometimes A Fantasy (LONG SINGLE VERSION) (1980)». Youtube.com. Henta 5. juni 2014. 
  4. «Item Display - RPM - Library and Archives Canada». Collectionscanada.gc.ca. Henta 29. august 2014. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]