Sommarfugltåka

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hubble-bilete av Sommarfugltåka
Sommarfugltåka kan òg visa til Insekttåka (NGC 6302).

Sommarfugltåka[1] , Tvillingjettåka[1] eller M2-9 er ei planetarisk tåka som ligg rundt 2100 lysår unna jorda i stjernebiletet Slangeberaren.[2]

Sentralstjerna i Sommarfugltåka er del av eit nært stjernepar.[2] Astronomar antek at den eine stjerna dreg gass av overflata til den andre stjerna og formar den til ei tynn og tjukk skiva som ligg rundt begge stjernene.[2] Denne skiva måler rundt 10 gonger diameteren til Pluto sin bane rundt sola.[2] Modellar viser at denne skiva kan vera opphavet til tåka si spesielle form, og at den sterke stjernevinden slår inn i skiva og tvingar gassen i ho i visse retningar.[2] Lik namnet Tvillingjettåka hinter til, skyt gassen i tåka ut frå sentrum med ein stor fart; farten er på meir enn 320 km/s.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «NAME TWIN JET NEBULA -- Planetary Nebula» - data om Sommarfugltåka hos SIMBAD-databasen.
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 «Supersonic Exhaust from Nebula M2-9» - Hubble-pressemelding om Sommarfugltåka.