Somovhavet
Hopp til navigering
Hopp til søk
Somovhavet er eit randhav i Sørishavet og ligg nord for Aust-Antarktis, nord for Oates Coast, Victoria Land og George V Coast, mellom 150° og 170° aust. I vest ligg D'Urvillehavet.[1] Aust for Cape Adare, ved 170°14' E, ligg Rosshavet.[2]
Somovhavet dekkjer eit areal på 1 150 000 km² og er opp mot 3000 meter djupt.[3]
240 km nord for kysten ligg Ballenyøyane.
Somovhavet er kalla opp etter den russiske oseanografen og polfararen Mikhail Somov.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Somov Sea» frå Wikipedia på engelsk, den 14. oktober 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: