Son Kystkultursenter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 59°31′26.890″N 10°41′13.776″E

Fiskarheimen «Justushuset».

Son Kystkultursenter, som vart opna våren 1992, ligg på Glennetomta i sentrum av Son i Vestby kommune. Eit av hovudmåla for kystkultursenteret er å byggje opp ei representativ samling av søraust-norske trebåtar. Kystkultursenteret er ei avdeling under OslofjordmuseetVollen i Asker, som er ei avdeling under Akershusmuseet.

På området som Kystkultursenteret i Son har til rådvelde, låg tidlegare Jac. M. Iversens båtbyggeri - Soon Baadbyggeri. Kystkultursenteret har mellom anna ein båtslipp og ei museumshamn der det ligg seglbåtar og motorbåtar frå fyrste del av 1900-talet. Til senteret høyrer òg ei restaurert smie frå det tidlegare båtbyggjeriet, der det mellom anna er utstillingslokale med skiftande utstillingar om livet og verksemda attmed Oslofjorden. Ein kopi av Soon Brandvæsens Sprøitehus, som var eit sprøytehus frå 1864, og den gamle fiskarheimen «Jostushuset» frå ikring år 1700, høyrer likeeins med til Son Kystkultursenter.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]