Son i Noreg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

59°31′24.755″N 10°41′9.2760″E / 59.52354306°N 10.685910000°E / 59.52354306; 10.685910000

Son i Noreg
Land  Noreg
Kart
Son
59°31′25″N 10°41′09″E / 59.5235°N 10.6859°E / 59.5235; 10.6859
Wikimedia Commons: Son, Norway

Son er ein tettbygd stad med hamn ved Oslofjorden sør i Vestby kommune i Akershus fylke, kjenneteikna av arkitektur frå den såkalla hollendar-tida, ein periode frå om lag år 1500 til inn på 1800-talet då nederlandsk skipsfart og handel med norsk tømmer hadde mykje å seie for utviklinga på den norske aust- og sørlandskysten. Tømmer vart utskipa frå hamna i Son etter å ha vorte fløytt ned elva Såna, som på nedre parten heiter Hølenselva.

Bygningar i tre langs tronge gater og vegar er karakteristisk for Son.

I si tid, frå 1604, var Son ladestad under Christiania med eigne tollrettar, og med formannskapslovene frå 1837 vart Son bykommune. Men etter 1720, då Moss vart kjøpstad og dessutan kunne eksportere større mengder trelast frå eit større omland, tok velstandsveksten i Son slutt. No er Son ein part av eit samanhengande tettbygd område ikring Moss, som ligg i grannefylket Østfold, og er dessutan ei populær hamn for fritidsbåtar.

Son var tidlegare definert som tettstad, men frå 1. januar 2007 har Statistisk sentralbyrå slege han saman med tettstaden Moss.[1]

Litteratur om Son[endre | endre wikiteksten]

  • Ivar Gudmundsen m.fl., Son Leksikon, Vestby Historielag, Oslo 2002, ISBN 82-991655-5-5
  • Øystein Kock Johansen, Vestby Bygdebok, band 1, Vestby kommune, Vestby 1997, ISBN 82-994452-1-3
  • Bjørn Linnestad, Vestby – sett med kunstnerøyne, [Vestby Historielag], Vestby 1994, ISBN 82-991655-4-7

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Nye og utgåtte tettstader. 1.januar 2007». Statistisk sentralbyrå. Henta 21. april 2018. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Son i Noreg