Sonate i E-dur for fløyte eller blokkfløyte og basso continuo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sonate i E-dur for fløyte eller blokkfløyte og basso continuo
BWV 1035
Sonate av Johann Sebastian Bach
Sjanger Kammermusikk
Periode Barokken
Komponert 1741
Publiseringsdato 1867 i Leipzig
Typisk lengd 12:19
Satsar 4

Sonate i E-dur for fløyte eller blokkfløyte og basso continuo av Johann Sebastian Bach (BWV 1035) er ein sonate i fire satsar:

  • Adagio ma non tanto
  • Allegro
  • Siciliano
  • Allegro assai

Tonearten E-dur skapar mange utfordrande fingerstillingar på ei barokkfløyte, og denne sonaten er vanskelegare enn det mange fløytistar kring Bach var kjende for å kunne spele. [1] I følgje framsida på ein seinare kopi av partituret, skreiv Bach denne sonaten for den særs dyktige fløytisten Michael Gabriel Fredersdorff frå Potsdam, som var i teneste hos den fløyteelskande kong Fredrik den store. [1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Sonata for flute & continuo in E major, BWV 1035Allmusic av James Reel. Henta 27. april 2010.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]