Hunky Dory

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Song for Bob Dylan)
Hopp til navigering Hopp til søk
Hunky Dory
Studioalbum av David Bowie
Utgjeve 17. desember 1971
Innspelt Juni-august 1971 i Trident Studios i London
Sjanger Glamrock, folkrock, kunstrock
Lengd 41:49
Selskap RCA
Produsent Ken Scott, David Bowie
David Bowie-kronologi
The Man Who Sold the World
(1970)
Hunky Dory The Rise and Fall of Ziggy Stardust and the Spiders from Mars
(1972)
Singlar frå Hunky Dory
  1. «Changes» / «Andy Warhol»
    Utgjeve: 7. januar 1972
  2. «Life on Mars?»
    Utgjeve: 22. juni 1973

Hunky Dory er det fjerde studioalbumet til den engelske artisten David Bowie, spelt inn i midten av 1971 gjeven ut på RCA Records i desember det året.[1]

Det var det første albumet til Bowie på RCA, som vart plateselskapet hans dei neste ti åra. Albumet vart skildra av Stephen Thomas Erlewine i Allmusic som «ei blanding av mange popstilartar, berre knytt i saman av visjonen til Bowie: ei feiande, filmaktig blanding av høg og låg kunst, tvetydig seksualitet, kitsch og klasse.»[2]

Albumet har vore kritikarrost sidan det kom ut og vert rekna som eit av dei beste verka til Bowie. Time valte å ta med albumet på lista over dei 100 beste albuma gjennom tidene i januar 2010 og skreiv at det var Bowie sin «jordnære ambisjon om å vere ein boho-poet med øydsla stil».[3] Stilen på plateomslaget, designa av George Underwood, var inspirert av ei fotobok av Marlene Dietrich som Bowie tok med seg til fotograferinga.[4][5]

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

Med Tony Visconti ute av Bowie-leiren, tok Trevor Bolder over på bass og Hunky Dory vart det første albumet med alle medlemmane i bandet som året etter vart kjend som Ziggy Stardust sitt Spiders From Mars. Utan Visconti som produsent, var albumet òg det første som vart produsert av ein annan viktig person i Ziggy-fasen, Ken Scott. På plateomslaget stod det «Produsert av Ken Scott (assistert av skodespelaren)» «Skodespelaren» var Bowie sjølv, som i følgje NME-redaktørane Roy Carr og Charles Shaar Murray likte «tanken om seg sjølv som ein skodespelar».[6]

Stil og tema[endre | endre wikiteksten]

Forfattaren David Buckley har sagt dette om albumet: «Det er nesten easy listening og musikken på albumet trekk fokuset bort frå at tekstmessig sett er denne plata grunnlaget for den framtidige karrieren til Bowie.»[7] Opningssporet «Changes» fokuserer på ein artist sin trong til å fornye seg («Strange fascination, fascinating me / Changes are taking the pace I'm going through») og det å ta avstand frå hovudstraumen i rock («Look out, you rock ’n’ rollers»). Men Bowie tok seg òg tid til å hylle sine eigne heltar i songane «Song for Bob Dylan», «Andy Warhol» og The Velvet Underground i «Queen Bitch».

Bowie flyttar seg her bort frå hardrocken som prega det førre albumet, The Man Who Sold the World, og går i staden mot pop og folkrock, som òg prega albumet Space Oddity. Her var lette songar som «Kooks» (som Bowie tileigna sonen Duncan Jones, då kalla Zowie Bowie), og som han skreiv dagen han vart fødd) og Bowie si utgåve av «Fill Your Heart» i lag med tyngre materiale som den buddhismeinspirerte «Quicksand», og den delvis sjølvbiografiske «The Bewlay Brothers». I mellom ytterpunkta finn ein «Oh! You Pretty Things», der popmusikken delvis gøymde teksten (inspirert av Nietzsche), som varsla at den moderne mannen kom til å verte erstatta av «Homo Superior», og som kritikarane meinte peika fram mot songen «Starman» på Bowie sitt neste The Rise and Fall of Ziggy Stardust and the Spiders from Mars.[8]

Utgjeving og etterverknad[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[2]
Robert ChristgauA–[9]
Rolling Stone Album Guide5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[10]
Spin Alternative Record Guide9/10 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[11]
Pitchfork Media(10/10)[12]

Bowie hadde vore utan platekontrakt då han starta innspelinga av albumet ved Trident Studios den 8. juni 1971.[13]RCA Records i New York høyrde lydbanda og signerte han for ein avtale for tre album, som vart signert den 9. september 1971. Hunky Dory kom ut to månader seinare, den 17. desember.[7][14] Albumet kom ut samstundes med singelen «Changes» og fekk generelt god kritikk og selde forholdsvis bra då det kom ut, utan at det vart den heilt store suksessen.[6] Melody Maker kalla det «det mest nyskapande musikkstykket som har kome på plate på lang tid», medan NME skildra det som Bowie på «sitt mest briljante».[15] Rolling Stone meinte at «Hunky Dory ikkje berre er det mest vinnande albumet til Bowie musikalsk sett, men han skriv òg gode nok tekstar til at lyttaren kan utforske ideane hans på komfortabelt vis, utan å stå i mot sperringa av tilsynelatande ugjennomtrengjelege tomme ord før dei forstår ideen.»[16] Men det var først etter det kommersielle gjennombrotet med Ziggy Stardust i 1972 at Hunky Dory òg vart ein hitt, og klatra til tredjeplassen i Storbritannia.[17] I 1973 gav RCA ut «Life on Mars?» på singel, og denne nådde òg tredjeplassen i Storbritannia.[18]

I 1998 stemde lesarane i musikkmagasinet Q fram Hunky Dory som det 43. beste albumet gjennom tidene, medan det same magasinet plasserte albumet på 16. plass over dei 100 beste britiske albuma gjennom tidene. I 2003 vart albumet rangert på 107. plass av Rolling Stone på lista deira over dei 500 beste albuma gjennom tidene. Same året plasserte TV-kanalen VH1 albumet på 47. plass og på Virgin All-Time Top 1000 Albums-lista hamna det på 16. plass. I 2004 vart det rangert på 80. plass av Pitchfork Media på lista deira over dei 100 beste albuma frå 1970-åra. I 2006 valte TIME ut albumet som eit av dei 100 beste gjennom tidene.[3]

Bowie sjølv reknar albumet som eit av dei viktigaste i karrieren. I 1999 sa han: «Hunky Dory gav meg særs god underdønning. Eg reknar med det gav meg, for første gong i livet mitt, eit faktisk publikum - eg meiner, folk kom faktisk opp til meg og sa, 'Bra album, gode songar' Det hadde ikkje skjedd meg før. Det var som, 'Ah, no byrjar eg å forstå det. Eg starta å kommunisere det eg ønskte å gjere. No, kva er det eg ønskjer å gjere??' Det var alltid to sider der.»[19]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av David Bowie, bortsett frå der andre er nemnde. 

Side ein
# Tittel Lengd
1. «Changes»   3:37
2. «Oh! You Pretty Things»   3:12
3. «Eight Line Poem»   2:55
4. «Life on Mars?»   3:53
5. «Kooks»   2:53
6. «Quicksand»   5:08
Side to
# Tittel Lengd
7. «Fill Your Heart» (Biff Rose, Paul Williams) 3:07
8. «Andy Warhol»   3:56
9. «Song for Bob Dylan»   4:12
10. «Queen Bitch»   3:18
11. «The Bewlay Brothers»   5:22

I 1990 gav RykoDisc ut albumet på CD med ekstra bonusspor. I 1999 vart albumet gjeve ut på ny av Virgin/EMI (7243 521899 0 8), utan bonusspor, men med ny 24-bits digital lyd.

Bonusspor på 1990-utgåva[endre | endre wikiteksten]

# Tittel Lengd
12. «Bombers»   2:38
13. «The Supermen» (alternativ versjon spelt inn i 1971) 2:41
14. «Quicksand» (demoversjon frå 1971) 4:43
15. «The Bewlay Brothers» (alternativ miks) 5:19

Songar[endre | endre wikiteksten]

Changes[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Changes av David Bowie.

Oh! You Pretty Things[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Oh! You Pretty Things.

Eight Line Poem[endre | endre wikiteksten]

«Eight Line Poem» følgjer direkte frå «Oh! You Pretty Things», der opningsakkorden F fungerer som avslutningsakkorden i den førre songen. Teksten er, som tittelen indikerer, eit dikt på åtte linjer og Bowie syng kvar linje på ein ny måte, frå soul-smørsongar til talepedagog til plastikkcowboy.[20] Songen opnar med ein lengre intro av Mick Ronson på gitar.

Songen vart spelt inn i juni-august 1971. Han vart sjeldan framført på konsertar, men det finst opptak frå 25. september 1971 i Aylesbury og frå BBC fire dagar før.

Life on Mars?[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Life on Mars?.

Kooks[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Kooks.

Quicksand[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Quicksand.

Fill Your Heart[endre | endre wikiteksten]

«Fill Your Heart» var ein song skriven av hippie-komikaren Biff Rose og Paul Williams. Bowie spelte songen på konsertane sine tidleg i 1970 og han spelte songen inn for Hunky Dory, som den første coverversjonen hans sidan «I Pity The Fool».

Mick Ronsonlaga eit lett-orkesterarrangement, medan Rick Wakeman spelar ein pianosolo. Bowie spelar sjølv saksofon.

Songen vart først framført av Bowie på BBC den 2. februar 1970, og igjen den 21. september 1971. Hunky Dory-versjonen er spelt inn kring juli-august 1971 og vart lagt til albumet i siste augneblink, då han erstatta «Bombers». Bowie opna konserten sin i Aylesbury med songen den 25. september 1971.[21]

Andy Warhol[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Andy Warhol av David Bowie.

Song for Bob Dylan[endre | endre wikiteksten]

Teksten til Bowie refererte direkte til Bob Dylan sin hyllest til Woody Guthrie, «Song to Woody» frå eit tiår tidlegare, og Bowie syng songen med ei stemme som verkar å etterlikne Dylan. Der Dylan opnar med «Hey, hey, Woody Guthrie, I wrote you a song», opnar Bowie med å bruke fødenamnet til Dylan, «Hear this, Robert Zimmerman, I wrote a song for you.»[22] I songen skildrar Bowie stemma til Dylan «som sand og lim» («like sand and glue»).

Songen vart først framført på BBC den 3. juni 1971, der han vart sungen av den gamle venen til Bowie, George Underwood. John Peel introduserte songen då som «Here She Comes», som kan indikere at songen starta som ein Velvet Underground-hyllest.[23] Songen vart spelt inn for Hunky Dory ein månad seinare, og vart spelt på eit par konsertar i 1972.

Bowie sa seinare kvifor han skreiv songen i Melody Maker i 1976: «Det finst til og med ein song - Song for Bob Dylan – som fortel om kva eg ønskjer gjere i rock. Det var på den tida eg sa 'ok (Dylan) om du ikkje, så gjer eg det.' Eg såg at stillinga som leiar stod tom. Sjølv om songen ikkje er den viktigaste på albumet, så representerte han kva albumet handla om. Om det ikkje var nokon som kom til å bruke rock 'n' roll, så skulle eg gjere det.»[24]

Ronson spelte seinare med Bob Dylan i 1970-åra under the Rolling Thunder Revue-konsertane. Bowie og Dylan møtte kvarandre nokre gonger i 1970- og 1980-åra, og det er blitt sagt at Dylan var frekk mot Bowie.[23]

Queen Bitch[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Queen Bitch.

The Bewlay Brothers[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå The Bewlay Brothers.

Andre songar frå denne perioden[endre | endre wikiteksten]

Right on Mother[endre | endre wikiteksten]

«Right On Mother» var eit slags svar til «Oh! You Pretty Things»,og dekkjer generasjonsgapet som vart avbilda i sistnemnde. Det er òg ein meir lukkeleg nyinnspeling av «Uncle Arthur», der foreldra, i staden for å sabotere for sonen sitt forhold til den nye jenta si, i staden tar i mot jenta.[25]

Songen vart spelt inn seint i 1970 eller i januar 1971. Bowie har aldri gjeve ut songen offisielt. Peter Noone spelte inn songen som ei B-side til «Walnut Whirl» i oktober 1971 med Bowie på piano.

How Lucky You Are[endre | endre wikiteksten]

«How Lucky You Are» eller «Miss Peculiar», som han stundom vert kalla på piratkopiplater, er ein song Bowie truleg skreiv samstundes med «Oh! You Pretty Things» og «Right on Mother». Teksten har eit liknande tema som «Under My Thumb» av The Rolling Stones om forteljaren i songen som fullstendig kontrollerer kvinna si. «When you sleep, you sleep by me…when you walk, you follow—two steps behind!» (Når du søv, søv du ved sida av meg... når du går, følgjer du to steg bak).[26]

Songen går i valsetakt og både versa og avslutninga gjev ein smak av kabaret, som kan indikere at songen var ein hyllest til Jacques Brel. Songen gjev òg hint om den framtidige Kurt Weill-hyllesten «Time».[26]

Bowie spelte berre inn ein demoversjon av songen. Han er aldri blitt gjeve ut offisielt.

Lightning Frighening[endre | endre wikiteksten]

«Lightning Frightening» er ein song som først offisielt vart gjeve ut som bonusspor på RykoDisc-utgåva av The Man Who Sold The World, der det stod at songen var frå innspelinga av det albumet. Ein har sidan generelt vorte samde om at songen vart spelt inn seinare, anten seint i 1970 eller under Arnold Corns-innspelingane i mars-april 1971. Songen minner mykje om Crazy Horse sin «Dirty Dirty», som kom ut i februar 1971.[27] Songen er bygd opp av tre akkordar - A, G, E — som vert repetert om att og om att med saksofon, litt munnspel og slidegitar.

Rupert the Riley[endre | endre wikiteksten]

«Rupert the Riley» er ein song Bowie skreiv som ein hyllest til bilen sin, ein Riley Gamecock. Songen har lydeffektar, saksofon, piano og nynnande korvokal, og er blitt sagt å kunne likne noko frå den første plata til Roxy Music.[28]

Songen var nok eit forsøk på å skape ein oppdikta rock & roll-songar. Bowie hadde alt testa det med Freddi Buretti (påstått frontmann i The Arnold Corns), og no gav han ein song til ei person med Mickey eller «Sparky» King (med scenenamnet Nick King). King var ein del av krinsen kring Bowie tidleg i 1970-åra. I 1974 vart King knivdrepen av ein mann som ein av dei tidlegare kjærastane hans hadde leigd inn.

Songen vart spelt inn 23. april 1971 av Nick King All Stars, men aldri gjeven ut. Det finst to versjonar, ein med Bowie på vokal og den andre sugnen av Mr. King, med Bowie på korvokal.

Looking for a Friend[endre | endre wikiteksten]

Boie fortsette å prøve forskjellige songarar, og då han skulle spele for BBC for første gongen på over eitt år i Paris Cinema Studio tidleg i juni 1971 for eit radioprogram med John Peel tok han med seg fire andre songarar. Mark Carr Prichard (frå Arnold Corns), dei gamle venene Geoffrey Alexander og George Underwood, og Dana Gillespie, som Bowie nettopp hadde skrive «Andy Warhol» for. Prichard song på «Looking for a Friend», som var skriven av Bowie og meint som B-sida av den andre singelen til Arnold Corns, som aldri kom ut. Prichard var sologitarist i Arnold Corns og spelte på studioinnspeling av songen eit par veker seinare. Songen er ein standard rockelåt i stil med Crazy Horse eller the Faces.[29]

Innspelinga for BBC vart gjort 3. juni 1971, medan Arnold Corns-singelen vart spelt inn 17. juni. Songen vart igjen spelt inn seint i 1971 under innspelinga av Ziggy Stardust, men aldri gjeven ut.

Man in the Middle[endre | endre wikiteksten]

«Man In the Middle» var ein song som var føreslått som B-side «Looking for a Friend». Bowie fekk Freddi Buretti til å etterlikne stemma til Lou Reed for denne songen. Songen vart spelt inn 17. juni 1971 Arnold Corns-prosjektet vart lagt ned kort tid etter. Buretti skulle sidan designe kostyme for Bowie på Ziggy- til Diamond Dogs-turneane.

Bombers[endre | endre wikiteksten]

«Bombers» var eit steg attende for Bowie til dei psykedeliske komediesongane frå debutalbumet, David Bowie. Songen handlar om pilotar som slepp bomber over ein avfallsplass der det bur ein gammal mann. Då røyken har lagt seg sit den gamle mannen der framleis, så dei held fram med å sleppe bomber på han. Både Pentagon og dronning Elizabeth II vert involvert, men ingenting blir avdekt. Bowie kalla det i 1972 ein parodi på Neil Young.

Bowie debuterte med songen for BBC i juni 1971, og same sommaren spelte han inn songen i studio. Han vurderte å ta med «Bombers» på Hunky Dory, men la etter kvart songen i skuffa. Songen vart først gjeven ut som bonusspor til Hunky Dory på Rykodisc utgåva av albumet i 1990.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Teknisk[endre | endre wikiteksten]

  • Ken Scottprodusent, lydteknikar, miksing
  • David Bowie – produsent
  • Dr. Toby Mountain – remastering (for Rykodisc)
  • Jonathan Wyner – assisterande remasteringslydteknikar (for Rykodisc)
  • Peter Mew – remastering (for EMI)
  • Nigel Reeve – assisterande remasteringslydteknikar (for EMI)
  • George Underwood – plateomslag

Lister[endre | endre wikiteksten]

Album

År Liste Plassering
1972 UK Albums Chart[30] 3
1975 Billboard 200[31] 93
1972 Noreg 33
1972 Australia 39
2016 New Zealand[32] 30

Singel

År Singel Liste Plassering
1972 «Changes»"\ Billboard Hot 100 66 [33]
1973 «Life on Mars?» UK Singles Chart 3 [30]
1975 «Changes» Billboard Pop Singles 41 [33]

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Organisasjon Nivå Dato
BPI – UK Gull 25. januar 1982[34]
BPI – UK Platina 25. januar 1982[34]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Kevin Cann (2010). Any Day Now – David Bowie: The London Years: 1947–1974: pp. 219–25, 231
  2. 2,0 2,1 Erlewine, Stephen Thomas. «(((Hunky Dory > Review)))». allmusic. Henta 22. januar 2015. 
  3. 3,0 3,1 Josh Tyrangiel; Alan Light (13. november 2006). «The All-TIME 100 Albums». TIME (Time, Inc). 
  4. Dimery, Robert (2005). 1001 albums you must hear before you die. London: Quintet Publishing. s. 254. ISBN 9781844033928. 
  5. «500 Greatest Albums: Hunky Dory – David Bowie». Henta 1. mai 2011. 
  6. 6,0 6,1 Carr, Roy; Murray, Charles Shaar (1981). David Bowie: An Illustrated Record. New York: Avon Books. s. 7–11. ISBN 0380779668. 
  7. 7,0 7,1 Buckley, David (2000) [1999]. Strange Fascination – David Bowie: The Definitive Story. London: Virgin Books. s. 112. ISBN 075350457X. 
  8. Carr, Roy; Murray, Charles Shaar (1981). David Bowie: An Illustrated Record. New York: Avon Books. s. 44. ISBN 0380779668. 
  9. Christgau, Robert (30 December 1971). «Consumer Guide (22)». The Village Voice (New York). Henta 28 April 2013. 
  10. «David Bowie». Rolling Stone. Henta 27 October 2014. 
  11. Weisbard & Marks, 1995. p.55
  12. «David Bowie». Pitchfork. 
  13. Kevin Cann (2010). Any Day Now – David Bowie: The London Years: 1947–1974: p. 219
  14. Carr, Roy; Murray, Charles Shaar (1981). David Bowie: An Illustrated Record. New York: Avon Books. s. 40. ISBN 0-380-77966-8. 
  15. Pegg, Nicholas (2004) [2000]. The Complete David Bowie. London: Reynolds & Hearn Ltd. s. 265–272. ISBN 1903111730. 
  16. Mendelsohn, John. «Hunky Dory». Rolling Stone. Henta 24 June 2008. 
  17. Sheppard, David (February, 2007). «60 Years of Bowie». MOJO Classic: 24. 
  18. Buckley, David (2000) [1999]. Strange Fascination – David Bowie: The Definitive Story. London: Virgin Books. s. 624. ISBN 075350457X. 
  19. Chris Roberts interview with David Bowie in Uncut, October 1999, Issue 29.
  20. Chris O’Leary. «Eight Line Poem». Pushing Ahead of the Dame. Henta 24. januar 2016. 
  21. Chris O’Leary. «Fill Your Heart». Pushing Ahead of the Dame. Henta 22. januar 2016. 
  22. Riley, Tim (1999). Hard Rain: A Dylan Commentary. Da Capo Press. s. 266. ISBN 0306809079. 
  23. 23,0 23,1 Chris O’Leary. «Song for Bob Dylan». Pushing Ahead of the Dame. Henta 24. januar 2016. 
  24. Hilburn, Robert (28 February 1976). «Bowie: Now I'm A Businessman». Melody Maker. 
  25. Chris O’Leary. «Right on Mother». Pushing Ahead of the Dame. Henta 22. januar 2016. 
  26. 26,0 26,1 Chris O’Leary. «How Lucky You Are (Miss Peculiar)». Pushing Ahead of the Dame. Henta 22. januar 2016. 
  27. Chris O’Leary. «Lightning Frigthening». Pushing Ahead of the Dame. Henta 22. januar 2016. 
  28. Chris O’Leary. «Rupert the Riley». Pushing Ahead of the Dame. Henta 23. januar 2016. 
  29. Chris O’Leary. «Looking for a Friend». Pushing Ahead of the Dame. Henta 23. januar 2016. 
  30. 30,0 30,1 «UK Top 40 Hit Database». Henta 22. januar 2015. 
  31. «(((Hunky Dory > Charts & Awards > Billboard Albums)))». Allmusic. Henta 22. januar 2015. 
  32. http://nztop40.co.nz/chart/albums?chart=4190
  33. 33,0 33,1 «(((Hunky Dory > Charts & Awards > Billboard Singles)))». Allmusic. Henta 22. januar 2015. 
  34. 34,0 34,1 «BPI Certified Awards». Henta 22. januar 2015.