Song to a Seagull

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Song to a Seagull
Studioalbum av Joni Mitchell
Språk engelsk
Utgjeve 23. mars 1968
Innspelt 1967
Studio Sunset Sound Recorders i Hollywood i California
Sjanger Folk[1][2]
Lengd 38:00
Selskap Reprise
Produsent David Crosby
Joni Mitchell-kronologi 
Song to a Seagull Clouds
(1969)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3/5 stars[3]
MusicHound3/5 stars[5]
Pitchfork6.7/10[4]
Rolling Stone3/5 stars[6]
Martin C. Strong7/10[7]
Virgin Encyclopedia of Popular Music3/5 stars[7]

Song to a Seagull er debutalbumet til Joni Mitchell frå 1968. Mitchell sa seinare at albumet kom til som følgje av kjærleiken hennar til klassisk musikk og ikkje så mykje viser, og dette kan ein høyre gjennom dei fyldige, rike og ofte uvanlege harmoniane, og den ordrike poetiske teksten. Albumet vart opphavleg gjeven ut utan tittel eller berre kalla Joni Mitchell på grunn av ein feil i distribusjonsavdelinga til Reprise Records.

Song to a Seagull er eit konseptalbum delt i to halvdelar. «I Came to the City» og «Out of the City and Down to the Seaside». Dei to halvdelane samsvarar med dei to sidene på vinylutgåva, som vart kalla «Part 1» og «Part 2» i staden for den vanlege «Side 1» og «Side 2»). Den første songen omhandlar det mislukka ekteskapet med Chuck Mitchell i Detroit, og liknande tema utforska på «Michael from Mountains», som stillar spørsmål om ein verkeleg kan elske nokon utan å kjenne dei. «Night in the City» er ei hyllest til nattelivet. «Marcie» skildrar ei einsam kvinne, medan «Nathan La Franeer» endar side ein med ei soge om ein bitter taxisjåfør som Mitchell ein gong møtte.[8]

Side ein omhandlar meir naturlege og organiske tema: «Sisotowbell Lane» skildrar heimleg lykke (Joni har sagt at «Sisotowbell» står for «Somehow, in spite of trouble, ours will be ever lasting love»),[9] og «The Dawntreader» og «Pirate of Penance» omhandlar sjøen - den første om ein mystisk kaptein som kallar ho til seg, og ein mordarisk sjørøvar som ein dansar forelskar seg i. Somme har spekulert i om «The Dawntreader» er skriven for David Crosby, men Mitchell har nekta for dette. Den siste to songane omhandlar fridom: «Song to a Seagull» og «Cactus Tree». «Song to a Seagull» er særleg merkverdig for den uhemma handsaminga av ønsket om fridom.

Mitchell hadde skrive songar som vart hittar for andre artistar (t.d. «Both Sides Now» og «Chelsea Morning» av Judy Collins, «Eastern Rain» av Fairport Convention, «Urge for Going» og «The Circle Game» av Tom Rush), men valde ikkje å spele inn nokre av desse for debutalbumet sitt. Albumet er tileigna «Mr. Kratzman, who taught me to love words» («Mr. Kratzman, som lærte meg å elske ord»).

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Joni Mitchell.

Side 1: «I Came to the City»
Nr.TittelLengd
1.«I Had a King»03:37
2.«Michael from Mountains»03:41
3.«Night in the City»02:30
4.«Marcie»04:35
5.«Nathan La Franeer»03:18
Side 2: «Out of the City and Down to the Seaside»
Nr.TittelLengd
6.«Sisotowbell Lane»04:05
7.«The Dawntreader»05:04
8.«The Pirate Of Penance»02:44
9.«Song to a Seagull»03:51
10.«Cactus Tree»04:35

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Teknisk

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1968) Plassering
US Billboard 200[10] 189

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Shumway, David R. (21. august 2014). Rock Star: The Making of Musical Icons from Elvis to Springsteen. Johns Hopkins University Press. s. 161. ISBN 978-1-4214-1393-8. 
  2. Carlin, Richard (2005). Folk. Infobase Publishing. s. 242. ISBN 978-0-8160-6978-1. 
  3. Cleary, D. (2011). «Song to a Seagull – Joni Mitchell». AllMusic. Henta 21. januar 2021. 
  4. «Joni Mitchell: The Studio Albums 1968–1979 | Album Reviews». Pitchfork. 9. november 2012. Henta 21. januar 2021. 
  5. Graff, Gary; Durchholz, Daniel (eds) (1999). MusicHound Rock: The Essential Album Guide. Farmington Hills, MI: Visible Ink Press. s. 769. ISBN 1-57859-061-2. 
  6. Black, Les (5. juli 1968). «Joni Mitchell». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 14. juni 2017. Henta 22. august 2013. 
  7. 7,0 7,1 «Joni Mitchell/Song to a Seagull». Acclaimed Music. Arkivert frå originalen 14. juni 2017. Henta 21. januar 2021. 
  8. JMDL Library: Joni Mitchell: ZigZag, September 2, 1970, arkivert frå originalen 26. oktober 2007, henta 19. januar 2011 
  9. JoniMitchell.com/JMDL Library: Joni Mitchell - A Portrait of the Artist: Billboard, 9. desember 1995
  10. «Joni Mitchell Chart History». Billboard. Henta 6. desember 2020.