Hopp til innhald

Songaren Margo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Songaren Margo
Fødd6. februar 1951 (74 år)
FødestadCounty Donegal
OpphavIrland
Aktiv1964
Sjangerfolkemusikk
Instrumentvokal
Verka somsongar

Margo (fødd Margaret Catherine O'Donnell; fødd 6. februar 1951) er ein irsk songar. Ho blei kjend på 1960-talet i den irske countrymusikk-scena, og har hatt ein lang karriere sidan.[1]

Margo voks opp i den vesle landsbyen Kincasslagh i The Rosses-området i County Donegal i Irland. Foreldra hennar var Francis og Julia (fødd McGonagle) O'Donnell, og syskena John (eldst), Kathleen, James; og den yngste Daniel, som òg er ein songar. Far hennar døydde av hjerteinfarkt då ho var sytten år gammal.

Margo byrja framføra countrymusikk i 1964 med eit lokalt showband, The Keynotes. Ho spelte inn den fyrste singelen sin, Bonny Irish Boy/Dear God, i 1968. Året etter følgde ho opp med den andre singelen sin, If I Could See the World Through the Eyes of a Child/Road By the River. Gjennom dei neste fem tiåra selte Margo over 1 million album,[treng kjelde] og opptredd med Johnny Cash, Loretta Lynn og Dolly Parton. Ho var vert for fleire fjernsynsprogram for RTÉ på 1970-talet, og vann ei rekkje prisar.[2]

Margo er syster av den kjende songaren Daniel O'Donnell, som byrja karrieren sin med bandet til Margo tidleg på 1980-talet medan han var på college i Galway.

Siden 1977 har ho engasjert seg i leitinga etter Mary Boyle, ein fjern slektning frå Kincasslagh som forsvann som seksåring nær Ballyshannon i County Donegal. I 2011 gav ho ut singelen The Missing Mary Boyle for å samla inn pengar til eit nytt søk etter den forsvunne jenta.[3][4]

I 2015 skreiv Margo eit memoar, Margo: Queen of Country & Irish: The Promise and the Dream som blei gjeve ut av The O'Brien Press.[5]

Diskografi

[endre | endre wikiteksten]

Studioalbum

 

  • Margo and the Country Folk (med The Country Folk) (1970)
  • From Margo with Love (1971)
  • Country Lovin' (1972)
  • At Home in Ireland (1974)
  • The Girl from Donegal (1975)
  • Yes! Mr. Peters (med Larry Cunningham) (1976)
  • A Toast to Claddagh (1977)
  • A Toast from an Irish Colleen (1981)
  • Ireland Must Be Heaven (1982)
  • The Irish Songs I Love to Sing[a] (1984)
  • Margo Now (1987)
  • A Trip Through Ireland[b] (1989)
  • Ireland on My Mind (1992)
  • New Beginnings (1994)
  • Old Friends of Mine[c] (1995)
  • Old Friends Share Old Memories[d] (med Philomena Begley) (1996)
  • The Highway of My Life: Shade of the Family Tree (1998)
  • I'm Still Here (2002)
  • Parcel of Dreams (2006)
  • Stories in Song (2010)
  • The World Through My Eyes (2012)
  • The Promise and the Dream (2014)
  1. The Irish Songs I Love to Sing blei gjeven ut att som The Girl from Donegal i Storbritannia i 1988 med fire tilleggsspor.
  2. A Trip Through Ireland blei gjeven ut att som Ireland’s Where I Call Home i 2010.
  3. Old Friends of Mine blei teken med som bonus-CD med DVD-en Margo’s Ireland frå 2006. Då albumet blei gjenutgjeve digitalt fekk det tittelen Margo’s Ireland.
  4. Old Friends Share Old Memories was reissued in 2002 under the title The Way Old Friends Do.
  1. Margo profile Arkivert 30. november 2009 ved Wayback Machine., regorecords.com/margoodonnell; accessed 25 February 2014.
  2. Margo O'Donnell bio at official website; accessed 25 February 2014.
  3. «Margo's song for missing girl». Irish Independent. 17 August 2011. Henta 8 December 2019.
  4. «New search for missing Irish girl». BBC News. 10. januar 2011. Henta 3. september 2018.
  5. O'Donnell, Margaret (2014). Margo: Queen of Country & Irish: The Promise and the Dream. The O'Brien Press, Limited. ISBN 9-781-84717674-5.