Songen Arrival

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Arrival
Song av ABBA
frå albumet Arrival
Utgjeve 11. oktober 1976
Sjanger Pop
Lengd 3:00
Selskap Polar
Komponist Björn Ulvaeus, Benny Andersson
Tekstforfattar ingen verdi
Låtskrivar(ar) Björn Ulvaeus, Benny Andersson
Produsent Björn Ulvaeus, Benny Andersson

«Arrival» er ein instrumental av den svenske popgruppa ABBA frå albumet deira med same namn. Instrumentalen er hovudsakleg skriven av Benny Andersson og hadde arbeidstitlane «Fiol», «Ode to Dalecarlia» og «Arrival in Dalecarlia».

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

«Arrival» var den andre og siste komposisjonen til gruppa som ikkje hadde tekst, etter «Intermezzo No.1» frå året før. Som med «Intermezzo No.1», ein kormelodi, var han kraftig påverka av tradisjonell, svensk folkemusikk. Stykket vart spelt inn 30. august 1976 i Metronome Studio i Stockholm. Tittelen på albumet, Arrival, gave instrumentalen namnet sitt, og ikkje motsett. Det var òg eit av dei siste spora som vart spelt inn før albumet kom ut 11. oktober 1976.

I 1983 vart ein annan versjon av songen, med tekst, kalla «Belle», sungen av Daniel Balavoine og Anni-Frid Lyngstad («Frida») som ein del av den franske musikalen ABBAcadabra. I 1983 vart songen òg spelt inn på ny med ein annan tekst og gjeven ut som «Time» av B.A. Robertson og Lyngstad.

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Mike Oldfield-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Arrival
Singel av Mike Oldfield
frå albumet QE2
Språk inkje språkleg innhald
Utgjeve 12. september 1980
Innspelt 1980
Sjanger Folkrock
Lengd 2:46
Selskap Virgin
Komponist Björn Ulvaeus, Benny Andersson
Tekstforfattar ingen verdi
Låtskrivar(ar) Benny Anderson
Björn Ulvaeus
Produsent Mike Oldfield
David Hentschel
Mike Oldfield-kronologi 
«Blue Peter»
(1979)
Arrival «Sheba»
(1980)


I 1980 spelte Mike Oldfield inn ein versjon av songen for albumet QE2. Songen vart gjeven ut på singel.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

  1. «Arrival» – 2:46
  2. «Polka» (live frå 1980) – 3:34

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • Mike Oldfield: elektrisk gitar, afrikansk trommer, keltisk harpe, bassgitar, mandolin, spansk gitar, syntehsizer, vocoder, australsk rytmepinne, vokal[1]
  • David Hentschel: synthesizers, trommer, vokal
  • Maggie Reilly: vokal
  • Strykarar og kor arrangert av David Bedford
  • Leiar for strykarane: Dick Studt
  • Choir English Chorale

Andre versjonar og samplingar[endre | endre wikiteksten]

  • Den franske songaren Michèle Torr spelte inn songen med tekst, under tittelen «J'aime».
  • Petula Clark spelte òg inn songen med fransk tekst, som «La Vallée».
  • Den tyske dance-gruppa Scooter sampla «Arrival» i songen «Roll Baby Roll» på albumet The Stadium Techno Experience. Av opphavsrettsårsaker måtte dei sidan skrive om songen, som høyrest heilt annleis ut, under namnet «Swinging In The Jungle».
  • Det britiske rockebandet The Darkness har spelt «Arrival» som opningssong på turneane deira sidan 2003
  • Sarah Brightman spelte inn ein vokal versjon i 2008 for albumet A Winter Symphony, med ein tidlegare unytta tekst av Björn Ulvaeus, som han skreiv i 1999 for at han kanskje skulle brukast i musikalen Mamma Mia!
  • ABBA-bandet Björn Again har nytta songen som opningssong på konsertane sine i mange år
  • Det tyske bandet Gregorian har sungen songen, med tekst frå Sarah Brightman-versjonen, på albumet deira Masters of Chant Chapter VII i 2009.
  • «Arrival» vart nytta som kjenningsmelodi i BBC-serien Robbie, presentert av Fyfe Robertson.[2]
  • Den tyske songaren Annegret Behrend spelte inn ein versjon av songen i 1977 med tittelen «Wie ein Vogel auf dem Wind».
  • Det russiske dance-bandet «Section 1» spelte songen i 2015 på «Roll & Ride».
  • Det svenske metal-bandet Ghost «brukte songen under ein transformasjon frå «Cardinal Copia» til «Papa Emeritus IV» under ein konsert» i Mexico i 2020.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «QE2 notes». Tubular.net. Arkivert frå originalen 27. september 2007. Henta 29. juni 2020. 
  2. «Fyfe Robertson, the great TV reporter». YouTube. 4. november 2008. Henta 29. juni 2020.