Songen Blackstar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Blackstar
Singel av David Bowie
frå albumet Blackstar
Utgjeve 19. november 2015
Innspelt 2015
Studio The Magic Shop and Human Worldwide (New York City)
Sjanger
Lengd 9:57
Selskap
Låtskrivar(ar) David Bowie
Produsent
David Bowie-kronologi
«Sue (Or in a Season of Crime)»
(2014)
Blackstar «Lazarus»
(2015)


«Blackstar» (skrive «»)[1] er ein song av den engelske rockemusikaren David Bowie. Han kom ut som den første singelen frå det 25. og siste studioalbumet hans med same namn den 19. november 2015. «Blackstar» nådde 61. plassen på UK Singles Chart, 70. plassen på Den franske singellista og 78. plassen på Billboard Hot 100. «Blackstar» vann Grammyprisen for både beste rockesong og beste rockeframføring.[2] Med ei lengd på 9:57 var dette den lengste songen som gjekk inn på Billboard Hot 100 før Tool slo rekorden i 2019 med «Fear Inoculum».[3][4] Bowie har framleis rekorden for topp 80.

Produksjon og komposisjon[endre | endre wikiteksten]

«Blackstar» er skildra som kunstrock[5] og avantgarde jazz[6]. Han er òg blitt skildra som ein «avantjazz sci-fi-song,» med ein «drum and bass-rytme, ein to-notes tonal melodi med hint av gregoriansk song, og endrande taktartar.»[7] I den langsame bluesaktige midtre delen av songen, går songen frå ein acid house-aktig groove til eit tregt, R&B-aktig mellomspel.[8]

Songen var opphavleg over elleve minuttar lang, men etter at dei fekk vite at iTunes ikkje let ein poste singlar over ti minuttar lange, redigerte Bowie og Visconti han ned til 9:57. Det vart dermed den nest lengste Bowie-songen etter «Station to Station». Bowie ønskte ikkje å forvirre lyttarane med ein singel- og ein albumversjon.[9]

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

«Blackstar» kom ut 19. november 2015 for digital nedlasting[10] og i 2017 kom han ut på ein 12"-singel berre i Japan. I tillegg til at han kom ut på albumet med same namn, vart songen nytta som kjenningsmelodi for fjernsynsserien The Last Panthers.[11]

Musikkvideo[endre | endre wikiteksten]

Musikkvideoen for «Blackstar» er ein surrealistisk, ti minuttar lang kortfilm regissert av Johan Renck (som regisserte The Last Panthers, serien som songen vart skriven for). Han syner ei kvinne med hale, Elisa Lasowski,[12] som oppdagar ein daud astronaut og tar den juvel-besette hovudskallen hans til ein eldgamal utanomjordisk by. Beina til astronauten flyt mot ei solformørking, medan ein krins av kvinner utfører eit ritual med skallen i sentrum av byen.[13]

Filmen vart filma i september 2016 i eit studio i Brooklyn.[14] Prosessen var eit samarbeid der Bowie kom med mange forslag og sende Renk skisser av idear han ønskte å ha med. Begge var samde om å la videoen vere open for tolking (Renck nekta i starte å stadfeste eller benekte om astronauten i videoen var Major Tom), men Renck har kome med mange detaljar om tydinga. Renck sa seinare i ein BBC-dokumentar «for meg var det 100 % Major Tom.»[15] Det var Bowie som førslo at kvinna skulle ha hale, og den einaste forklaringa hans var «det er på eit vis seksuelt». Renck har spekulert i at Bowie kan ha tenkt på si eiga døying og relevans for historia medan han utvikla videoen, men sa at dei korsfesta fugleskremsla ikkje var meinte som eit messiansk symbol. Renck har òg uttalt at Bowie skildrar tre forskjellige karakterar i videoen: dei innadvendte, plaga, blinde «Button Eyes»; «fargerike luringar» i midtseksjonen av songen og «presteguten» som held boka prega med «★»-symbolet.[13] Saksofonisten Donny McCaslin sa at Bowie hadde fortalt han at songen omhandla Den islamske staten, sjølv om ein offisiell talsperson for Bowie nekta for at songen på noko som helst måte var inspirert av situasjonen i Midtausten.[16][17]

Det er trekt likskapar mellom Bowie-songen og Elvis Presley-songen «Black Star» som inneheld tekstlinja «When a man sees his black star, he knows his time...has come.»[18]

Den repeterte linja «at the centre of it all» finst òg i Aleister Crowley-boka The Book of Lies.[19]

Koreografien, særskild den av dei tre dansarane i scenane på loftet, vart henta frå andre media, inkludert Max Fleischer sin Skippern. «[Bowie] sende meg dette gamle klippet av Skippern på Youtube og sa 'Sjå på desse karane.' Når ein karakter ikkje er aktiv, når dei er inaktive i desse teiknefilmane, så er dei skapt ved at to eller tre biletruter går i sløyfe, slik at det ser ut som dei står der og ristar. Det var typisk for animasjonar på den tida, og dei gjorde det for å skape liv i noko som var inaktivt. Så me ønskte å sjå om me kunne gjere noko slikt i denne forma for dans, me måtte gjere det.»[20] Den kvinnelege dansaren på loftet gjer òg signaturrørsla frå musikkvideoen til «Fashion».

Den offisielle videoen til «Blackstar» vann beste regissør-prisen under MTV Video Music Awards i 2016.[21]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Ryan Dombal i Pitchfork roste songen og kåra det til «Beste nye song». Dombal skildra songen som «vedunderleg merkeleg og ekspansiv» og at han er «nærare den kokaindrivne fantasien på Station to Station i 1976 enn nesten alt Bowie har gjort sidan».[5] Pitchfork Media kåra «Blackstar» til den 11. beste musikkvideoen i 2015.[22] Simon Critchley skreiv om samanhengen mellom Bowie og Elvis Presley, og refererte til teksten på Presley-songen «Black Star» som eit spor.[23][24] In the annual Village Voice-kåringa Pazz & Jop kåra «Blackstar» til den niande beste songen i 2016, i lag med Rihanna-songen «Work».[25]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Digital
Nr.TittelLengd
1.«Blackstar»9:57
Japansk 12"-singel
Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Blackstar»9:57
Side to
Nr.TittelLengd
1.«Lazarus (radio edit)»4:05
2.«I Can't Give Everything Away (radio edit)»4:25

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Medverkande frå plateomslaget til Blackstar.[26]

Musikarar

Teknisk

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (2015–16) Plassering
Austerrike (Ö3 Austerrike Top 40)[27] 69
Belgia (Ultratop Flandern)[27] 84
Belgia (Ultratop Vallonia)[28] 37
Canada (Canadian Hot 100)[29] 53
Frankrike (SNEP)[30] 45
Tyskland (Official German Charts)[31] 97
Ungarn (Single Top 10)[32] 16
Irland (IRMA)[33] 62
Italia (FIMI)[34] 31
Japan (Japan Hot 100)[35] 55
Japan Hot Overseas (Billboard)[36] 8
Nederland (Single Top 100)[27] 44
Portugal (AFP)[37] 5
Spania (PROMUSICAE)[38] 84
Sverige (Sverigetopplistan)[39] 50
Sveits (Swiss Hitparade)[27] 20
UK Singles (Official Charts Company)[40] 61
US Billboard Hot 100[41] 78
US Hot Rock & Alternative Songs (Billboard)[42] 13

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. ★ Blackstar – CD, David Bowie & Artist Arena, arkivert frå originalen 2016-02-28, ★ (pronounced «Blackstar») 
  2. «Nominees And Winners – GRAMMY.com». National Academy of Recording Arts and Sciences. Arkivert frå originalen 226. september 2021. Henta 13. februar 2011. 
  3. «The Longest & Shortest Hot 100 Hits: From Kendrick Lamar, Beyonce & David Bowie to Piko-Taro». Arkivert frå originalen 29. mai 2018. Henta 29. mai 2018. 
  4. «Tool's New Single Makes Chart History; 'Ænima' Album Re-Enters Billboard 200 At No. 10». Blabbermouth.net. 12. august 2019. Arkivert frå originalen 13. august 2019. Henta 13. august 2019. 
  5. 5,0 5,1 Dombal, Ryan (20. november 2015). «David Bowie - «Blackstar»». Pitchfork. Arkivert frå originalen 22. november 2015. Henta 24. september 2021. 
  6. Young, Alex (19. november 2015). «David Bowie premieres new single «★» along with an epic short film — watch». Consequence of Sound. Arkivert frå originalen 24. september 2021. Henta 24. september 2021. 
  7. McCormick, Neil (20. november 2015). «David Bowie's new song, Blackstar, review: 'Major Tom is dead. Bowie lives'». The Telegraph. Arkivert frå originalen 23. september 2021. Henta 23. september 2021. 
  8. Petridis, Alexis (20. november 2015). «David Bowie's Blackstar video: a gift of sound and vision or all-time low?». The Guardian. Arkivert frå originalen 27. november 2015. Henta 23. september 2021. 
  9. Greene, Andy (23. november 2015). «The Inside Story of David Bowie's Stunning New Album, Blackstar». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 226. september 2021. Henta 24. november 2015. 
  10. «Blackstar». Arkivert frå originalen 20. november 2020. Henta 20. september 2021 – via Amazon. 
  11. «David Bowie: 7 Things We Already Know About His 2016 Album 'Blackstar'». NME. Arkivert frå originalen 27. oktober 2015. Henta 25. september 2021. 
  12. Elisa Lasowski, queen of ‘Versailles,’ talks about history, television and fashion Arkivert 23. november 2016 ved Wayback Machine.; Los Angeles Times; Marcie Medina; 30. september 2016
  13. 13,0 13,1 Joffe, Justin (19. november 2015). «BEHIND «BLACKSTAR»: AN INTERVIEW WITH JOHAN RENCK, THE DIRECTOR OF DAVID BOWIE'S TEN-MINUTE SHORT FILM». Noisey. Arkivert frå originalen 24. november 2015. Henta 24. november 2015. 
  14. «David Bowie's last days: an 18-month burst of creativity». The Guardian. 20. september 2021. Arkivert frå originalen 27. januar 2016. Henta 20. september 2021. 
  15. Savage, Mark (10. januar 2017). «David Bowie: Ten things we've learned since his death». BBC. Arkivert frå originalen 120. september 2021. Henta 10. januar 2017.  That cites an interview which was only available in the UK on the date of access. Whately, Francis, red. (7. januar 2017). «Bowie: The Last Five Years». BBC2. Arkivert frå originalen 17. juni 2020. Henta 10. januar 2017. 
  16. McGeorge, Alistair (25. november 2015). «David Bowie denies claims his new song Blackstar was 'inspired by ISIS'». Mirror. Arkivert frå originalen 28. desember 2015. Henta 20. september 2021. 
  17. Petridis, Alexis (18. desember 2015). «David Bowie's Blackstar album: 'An unexpected left turn that deepens the mystery' – first-listen review». The Guardian. Arkivert frå originalen 20. september 2021. Henta 20. september 2021. 
  18. Rogers, Jude (20. september 2021). «The final mysteries of David Bowie's Blackstar – Elvis, Crowley and 'the villa of Ormen'». The Guardian. Arkivert frå originalen 14. februar 2016. Henta 17. juni 2019. 
  19. Pegg, Nicholas (2. november 2016). The Complete David Bowie: New Edition: Expanded and Updated. ISBN 9781785655333. Arkivert frå originalen 20. november 2020. Henta 5. november 2020. 
  20. Lau, Melody (23. november 2015). «Johan Renck, director of David Bowie's 'Blackstar' video, calls collaborative process 'a dream'». CBC Music. Arkivert frå originalen 12. februar 2012. Henta 20. september 2021. 
  21. French, Megan (26. juli 2016). «David Bowie Receives Four Posthumous 2016 VMA Nominations». US Weekly. Arkivert frå originalen 15. september 2021. Henta 26. juli 2016. 
  22. «Best Music Videos of 2015». Pitchfork Media. Arkivert frå originalen 20. september 2021. Henta 14. januar 2016. 
  23. Coscarelli, Joe (14. januar 2016). «'Black Star': David Bowie's Connection to Elvis Presley». The New York Times. Arkivert frå originalen 30. mars 2017. Henta 1. mars 2017. 
  24. Ratliff, Ben (20. september 2021). «Popcast: Love, Death and David Bowie». The New York Times. Arkivert frå originalen 28. februar 2017. Henta 1. mars 2017. When a man sees his black star/he knows his time, his time has come. 
  25. «PAZZ+JOP 2016». Village Voice. 25. januar 2017. Arkivert frå originalen 221. september 2021. Henta 15. september 2021. 
  26. «Blackstar» single liner notes.
  27. 27,0 27,1 27,2 27,3 «Ultratop.be – David Bowie – ★ [Blackstar]» (på nederlandsk). Ultratip. Arkivert frå originalen 20. november 2020. Henta 26. september 2021. 
  28. «Ultratop.be – David Bowie – ★ [Blackstar]» (på fransk). Ultratip. Arkivert frå originalen 22. november 2018. Henta 26. september 2021. 
  29. "Bowie?f=793&g=Singles David Bowie Album & Song Chart History" Canadian Hot 100 for David Bowie. Prometheus Global Media.
  30. «Lescharts.com – David Bowie – ★ [Blackstar]» (på fransk). Les classement single. Arkivert frå originalen 21. august 2016. Henta 20. september 2021. 
  31. «Offizielle Deutsche Charts – Offizielle Deutsche Charts». Arkivert frå originalen 15. september 2016. Henta 20. september 2021. 
  32. "Archívum – Slágerlisták – MAHASZ – Magyar Hanglemezkiadók Szövetsége" (på ungarsk). Topp 10-singellista. Magyar Hanglemezkiadók Szövetsége.
  33. "Chart Track". Den irske singellista. Irish Recorded Music Association.
  34. «Top Digital – Classifica settimanale WK 2 (dal 2016-01-08 al 2016-01-14)» (på italiensk). Federazione Industria Musicale Italiana. Arkivert frå originalen 23. februar 2017. Henta 20. september 2021. 
  35. "Bowie?f=848&g=Singles David Bowie Album & Song Chart History" Japan Hot 100 for David Bowie. Prometheus Global Media.
  36. «Billboard Japan Hot Overseas» (på japansk). Billboard Japan. 18. januar 2016. Arkivert frå originalen 19. februar 2017. Henta 25. september 2021. 
  37. Hung, Steffen. «portuguesecharts.com - Portuguese Charts - Singles - 02.02.2016». portuguesecharts.com. Arkivert frå originalen 12. april 2016. Henta 25. september 2021. 
  38. «David Bowie - ★ [Blackstar] (Song)». Spanish Charts. Hung Medien. Arkivert frå originalen 7. august 2020. Henta 20. august 2020. 
  39. «Archived copy». Arkivert frå originalen 26. desember 2015. Henta 17. desember 2015. 
  40. "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company.
  41. «David Bowie Scores First Top 40 Hot 100 Single Since 1987 With 'Lazarus'». Arkivert frå originalen 9. april 2016. Henta 19. januar 2016. 
  42. "David Bowie Chart History (Hot Rock & Alternative Songs)". Billboard. Retrieved 20. september 2021.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]