Songen Burn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Songen Burn av Deep Purple)
Burn
av Deep Purple
frå albumet Burn
B-side

Coronaries Redig

Utgjeve 15. februar 1974
Innspelt november 1973
Montreux i Sveits
Sjanger Hardrock, heavy metal
Lengd 6:05
Selskap EMI (UK)
Warner Bros. (US)
Komponist David Coverdale, Jon Lord, Ritchie Blackmore, Ian Paice
Tekstforfattar David Coverdale
Låtskrivar(ar) Ritchie Blackmore
David Coverdale
Jon Lord
Ian Paice
Produsent Deep Purple

«Burn» er ein song av det engelske rockebandet Deep Purple. Han vart gjeven ut på albumet med same namn i 1974, og var den første songen av Mark III-besetninga av bandet. Songen er basert på eit riff lånt frå George Gershwin sin «Fascinating Rhythm».

Songen vart nytta som opningssong på konsertane deira dei neste to åra og tok over for «Highway Star».

Etter at Deep Purple vart gjenforeint i 1984 vart ikkje songen spelt lenger, sidan Ian Gillan, som David Coverdale hadde erstatta, igjen var vokalist og ikkje ville synge songar frå Coverdale-tida. Bandet spelte «Burn» frå 1989 til 1991, då Gillan ei kort stund var erstatta av Joe Lynn Turner. Då Gillan igjen kom inn i bandet i 1992, nekta han igjen å spele songar frå Coverdale-tida.

Etter at Deep Purple vart oppløyst danna Coverdale sitt eige band, Whitesnake, som i løpet av åra har hatt med Deep Purple-medlemmar som Jon Lord, Ian Paice og Don Airey. Whitesnake spelte Deep Purple-songar frå Coverdale-tida som «Burn», «Lady Double Dealer», «Lady Luck», «Mistreated», «Might Just Take Your Life», «Soldier of Fortune» og «Stormbringer». Glenn Hughes spelar òg songen ein del på solokonsertane sine, samt med det noverande prosjektet sitt, supergruppa Black Country Communion.

I andre media[endre | endre wikiteksten]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Andre artistar som har spelt songen er Riot, Mr. Big, Demon Drive, Cactus Jack, Michael Angelo Batio, Soilwork, Jorn Lande, W.A.S.P., Animetal og Yngwie Malmsteen.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]