Songen Caravan (1936)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

«Caravan» er ein jazzstandard skriven av Juan Tizol og først framført av Duke Ellington i 1936. Irving Mills skreiv ein tekst til songen som sjeldan vert framført. Den eksotiske lyden interesserte exotica-musikarar som Martin Denny, Arthur Lyman og Gordon Jenkins, som alle spelte songen. Woody Allen nytta songen i to av filmane sine, Alice og Sweet and Lowdown. Songen er mykje nytta i filmen Whiplash som ein viktig del av plottet. The Mills Brothers spelte inn ein acapellaversjon av songen, der dei syng instrumentpartia med stemmene sine, og Johnny Mathis spelte inn songen i 1956. Det finst meir enn 350 forskjellige innspelingar av songen av orkesteret til Duke Ellington.[1]

Originalinnspelinga[endre | endre wikiteksten]

Variety-va515.jpg

Den første versjonen av songen vart spelt inn i Hollywood i 1936, framført som ein instrumental av Barney Bigard and his Jazzopators. To opptak vart spelt inn og det første (Variety VA-515-1) vart publisert. Bandmedlemmane var:

Alle var medlemmar av Duke Ellington Orchestra, som ofte delte seg i mindre kombinasjonar for å spele inn songar under forskjellige namn.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Alain, Pailler (2002). Duke's place, Ellington et ses imaginaire. France: Actes sud. s. 147. ISBN 2-7427-3691-3.