Songen Coat of Many Colors

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Coat of Many Colors
Singel av Dolly Parton
frå albumet Coat of Many Colors
B-side She Never Met a Man (She Didn't Like)
Utgjeve 27. september 1971
Innspelt RCA Studio B, Nashville; April 1971
Sjanger Country
Lengd 3:05
Selskap RCA
Låtskrivar(ar) Dolly Parton
Produsent Bob Ferguson
Dolly Parton-kronologi
Joshua
(1971)
Coat of Many Colors Touch Your Woman
(1972)


«Coat of Many Colors» er ein song skriven og spelt inn av den USA-amerikanske countrysongaren Dolly Parton. Songen kom ut i september 1971 og var den andre singelen og tittelsporet frå albumet Coat of Many Colors.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Ho skreiv songen i 1969 medan ho reiste med Porter Wagoner på ein turnébuss. Ho forklate i memoara sine i 1994, My Life and Other Unfinished Business, at fordi ho ikkje kunne finne papir då songen kom til ho, skreiv ho han ned på baksida av ein reinserikvittering til ein av dressane til Wagoner. Då songen vart ein hit fekk Wagoner kvitteringen rama inn. Ho spelte inn songen i april 1971 og gjorde han til tittelsporet på Coat of Many Colors. Songen nådde fjerdeplassen på den amerikanske countrylista.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Songen fortel om korleis mora til Parton sydde saman ei kåpe til ho av filler som familien hadde fått. Medan ho sydde fortalte ho dottera bibelsoga om Josef og den mangefarga kåpa hans. Parton vart særs glad for kåpa, men då ho kom på skulen vart ho ledd og mobba fordi ho gjekk med ei kåpe laga av filler.

But they didn't understand it, and I tried to make them see
One is only poor, only if they choose to be
Now I know we had no money, but I was rich as I could be
In my coat of many colors my momma made for me

Dolly Parton (1971)

Mora til Dolly fekk laga ho ein ny mangefarga kåpe som gjekk til ei utstilling i Chasing Rainbows Museum i Dollywood. Wagoner donerte òg den innrama kvitteringen som Parton skreiv ned songen på.

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

I 2005 rangerte The Atlanta Journal-Constitution «Coat of Many Colors» på tiandeplassen over 100 «Songs of the South». Ei 1996 vart det laga ein biletbok for barn av songen, med illustrasjonar av Judith Sutton.

I 2011 vart innspelinga til Parton lagt til Library of Congress si National Recording Registry-liste over innspelingar som vert rekna som «kulturelt, historisk eller estetisk viktige, og/eller informerer eller reflekterer livet i USA.»[1]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1971) Plassering
US Country Songs (Billboard)[2] 4
Kanadiske RPM Country Tracks 15

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Shania Twain spelte inn ein versjon av songen i 2003 på eit hyllest album til Parton, Just Because I'm a Woman: Songs of Dolly Parton, akkompagnert av Alison Krauss og Union Station. Denne versjonen nådde 57. plassen på Billboard Hot Country Singles & Tracks-lista.

Andre versjonar er ein innspeling av Emmylou Harris på debutplata Pieces of the Sky i 1975. I 2017 framførte Harris songen live på getTV-programmet A Nashville Christmas. Ei innspeling av Eva Cassidy kom ut posthumt i 2008 på Somewhere. Den skotske komikaren Billy Connolly spelte inn ein versjon i 1975 på albumet sitt Get Right Intae Him (Unicorn Artists). Melinda Schneider og Beccy Cole spelte inn songen på albumet deira Great Women of Country (2014).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «The National Recording Registry 2011». National Recording Preservation Board of the Library of Congress. Library of Congress. 11. november 2020. 
  2. "Parton?f=357&g=Singles Dolly Parton Album & Song Chart History" Billboard Country Songs for Dolly Parton. Prometheus Global Media.

Mal:Dolly Parton