Songen Diamonds & Rust

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Diamonds & Rust
Song av Joan Baez
frå albumet Diamonds & Rust
Utgjeve Juli 1975
Innspelt Januar 1975
Sjanger Folkrock
Lengd 4:39
Selskap A&M
Komponist Joan Baez
Tekstforfattar Joan Baez
Låtskrivar(ar) Joan Baez
Produsent David Kershenbaum

«Diamonds & Rust» er ein song skriven og framført av Joan Baez. Han vart skriven i november 1974 og gjeven ut i 1975.

I songen fortel Baez om ein telefon som kom ut av det blå frå ein gammal kjæraste, noko som sender ho eit tiår attende, til eit dårleg hotell i Greenwich Village kring 1964-1965. Ho fortel at ho gav han eit par mansjettknappar og oppsummerer med at minna gav ho «diamantar og rust». Baez har sidan sagt at teksten refererer til forholdet hennar med Bob Dylan.[1]

Songen nådde topp 40 i USA og vert av både kritikarar og mange av fansen hennar rekna som ein av dei beste songane hennar. Songen var tittelsporet på albumet Diamonds & Rust, som kom ut i 1975.

Lister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1972-2016) Plassering
Canada Adult Contemporary Tracks (RPM)[2] 14
Canada Top Singles (RPM)[3] 61
US Adult Contemporary (Billboard)[4] 5
US Billboard Hot 100[5] 35

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Diamonds & Rust
av Judas Priest
frå albumet Sin After Sin
Språk engelsk
Utgjeve 23. april 1977
Innspelt Januar – februar 1977, Ramport Studios, Battersea
Sjanger Heavy metal
Lengd 3:28
Komponist Joan Baez
Tekstforfattar Joan Baez
Låtskrivar(ar) Joan Baez
Produsent Roger Glover, Judas Priest
Judas Priest-kronologi 
«The Ripper»
(1976)
Diamonds & Rust «Better By You, Better Than Me»
(1978)


Songen vart sidan spelt inn med endra tekst av Judas Priest for albumet Sin After Sin. Han vart opphavleg spelt inn eit år tidlegare for Sad Wings of Destiny, men kom ikkje med på dette albumet. Denne tidlege versjonen finst på The Best of Judas Priest, Hero, Hero, og somme nyare utgåver av debutalbumet deira, Rocka Rolla. Ein konsertversjon av songen finst på Unleashed in the East. Songen har blitt spelt på mange av konsertane til Judas Priest, og i yare år har songen stort sett blitt framført akustisk, medan den originale innspelinga deira er meir rocka.

Baez sa om Judas Priest-versjonen:

«Eg elska det! Eg vart så overraska då eg først høyrte det. Eg syns det var veldig flott! Det er særs sjeldan at folk spelar songane mine. Eg trur det er fleire grunnar til det. Det eine er nok at dei er personlege - dei har ikkje eit universelt preg. Og eg trur det er fordi at eg alt har sungen dei, og kven vil konkurrere mot det? Men eg vert alltid smigra når noko gjer det.»[6]

Andre versjonar er blitt spelt av Blackmore's Night, S.O.D., Great White, Taylor Mitchell, Model M, The Smith Sisters og Thunderstone.

Songen er blitt sampla i to populære hip-hop-songar, «Happiness» av Busdriver og «Upgrade Call» av Andre Nickatina.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]