Songen Frankie and Johnny

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
«Frankie and Johnny»
Låtskrivar Tradisjonell
(tilskriven Hughie Cannon)
Publisert 1904
Språk Engelsk
Form Mordballade
Innspelt av Mississippi John Hurt

«Frankie and Johnny» (Stundom skrive «Frankie and Johnnie»; òg kjend som «Frankie and Albert» eller berre «Frankie») er ei tradisjonell USA-amerikansk folkevise. Songen fortel soga om ei kvinne, Frankie, som finn ut at mannen hennar Johnny er utru med ei anna kvinne, og skyt og tar livet av han. I somme versjonar av songen vert ho òg avretta etterpå.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Songen var inspirert av eitt eller fleir faktiske mord. Eit av dei fann stad i ein leilegheit i 212 Targee Street i St. Louis i Missouri. Frankie Baker (1876-1952),[1] ei 22 år gammal kvinne, skaut den 17 år gamle kjærasten Allen (òg kjend som «Albert») Britt i magen. Britt hadde nett kome heim frå dans, der han og ei anna kvinne, Nelly Bly, hadde vunne prisen i ein konkurranse i langsam dans. Britt døydde av skadane nokre dagar seinare på City Hospital.[2][3] I rettsaka hevda Baker at Britt hadde angripe ho med kniv og at ho handla i sjølvforsvar. Ho blei frikjend og døydde på ein psykiatrisk sjukehus i Portland i Oregon i 1952.

I 1899 skreiv balladesongaren Bill Dooley «Frankie Killed Allen» kort tid etter Baker-saka.[4] Den første publiserte versjonen av musikken til «Frankie and Johnny» dukka opp i 1904, tilskriven til og med opphavsrett til Hughie Cannon, komponisten av «Won't You Come Home Bill Bailey». Stykket, som hadde ein variant av melodien som vert nytta i dag, hadde tittelen «He Done Me Wrong» og med undertittelen «Death of Bill Bailey.»[5]

Songen er òg blitt knytt til Frankrikes «Frankie» Stewart Silver, som vart dømd i 1832 for mordet på ektemannen Charles Silver i Burke County i Nord-Carolina. I motsetnad til Frankie Baker vart Silver avretta.[3]

Ein annan variant av melodien, med tekst og musikk tilskriven Frank og Bert Leighton, dukka opp i 1908 med tittelen «Bill You Done Me Wrong». Denne songen vart publisert på ny i 1912 som «Frankie and Johnny», denne gongen med teksten som finst i moderne visevariantar:

Frankie and Johnny were sweethearts
They had a quarrel one day,
Johnny he vowed that he would leave her
Said he was going away,
He's never coming home, etc.

Òg:

Frankie took aim with her forty-four,
three times with a rooty-toot-toot.

«Frankie and Johnny» frå 1912 av Leighton Brothers og Ren Shields identifiserer «Nellie Bly» som den nye jenta som Johnny vart forelska i. Det som har blitt den tradisjonelle versjonen av melodien vart òg publisert i 1912, sidan versa til songen «You're My Baby», med musikk er tilskriven Nat. D. Ayer.[6]

Den kjende «Frankie and Johnny were lovers»-teksten dukka først opp (som «Frankie and Albert») i On the Trail of Negro Folksongs av Dorothy Scarborough, publisert i 1925. Ein liknande versjon med namna «Frankie and Johnny» kom i 1927 i Carl Sandburg sin The American Songbag.[7]

Fleire folkemusikkforskarar meiner at songen oppstod lenge før dei første publiserte utgåvene. I følgje Leonard Feather i hans Biographical Encyclopedia of Jazz[8] vart songen sungen under omsleiringa av Vicksburg (1863) under den amerikanske borgarkrigen[9] og Sandburg sa at songen var kjend mange stadder før 1888, medan John Jacob Niles hevda at songen oppstod før 1830.[3] Men at ein kjend versjon av ein song ikkje kom på trykk før 1925 er «rart for ein påstått gamal og velkjend song», i følgje musikkhistorikaren James J. Fuld, som indikerer at «han ikkje er så gammal som enkelte meiner».[10]

Innspelingar[endre | endre wikiteksten]

Det finst over 250 innspelingar av «Frankie and Johnny» sidan tidleg på 1900-talet. Artistar som har spelt inn songen er mellom andre Lead Belly, Mississippi John Hurt, Jimmie Rodgers, Les Paul og Mary Ford, Roscoe Holcomb, Big Bill Broonzy, Bob Dylan, Frank Crumit, Johnny Cash, Doc Watson, Pete Seeger, Mississippi Joe Callicott, Charlie Patton, Taj Mahal, Charlie Poole, Sam Cooke, Lena Horne, Lonnie Donegan, Jerry Lee Lewis, Gene Vincent, Fats Waller, Van Morrison, Michael Bloomfield, Brook Benton, Lindsay Lohan, Chris Smither, Jack Johnson, Burl Ives, Sammy Davis jr., Anika Noni Rose og Stevie Wonder. Ein innspeling i 1966 av Elvis Presley selde til gullplate og var tittelsporet til ein av filmane til Presley.

Den tidlegaste kjende countryinnspelinga av songen vart gjort av Ernest Thompson i 1924 for Columbia, kalla «Frankie Baker». Thompson var ein blind gatesongar frå Winston-Salem i Nord-Carolina.

Som jazzstandard har songen òg blitt spelt av mange band og instrumentalistar, som Louis Armstrong, Count Basie, Bunny Berigan, Dave Brubeck, Duke Ellington, og Benny Goodman. Champion Jack Dupree sette sin versjon i New Orleans, kalla «Rampart and Dumaine.»

Ace Cannon spelte inn ein instrumental versjon i 1994 for albumet Entertainer.

Filmar[endre | endre wikiteksten]

Soga om Frankie og Johnny har inspirert fleire filmar, inkludert Her Man (1930, med Helen Twelvetrees), Frankie and Johnnie (1936, med Helen Morgan) og Frankie and Johnny (1966, med Elvis Presley). Terrence McNally-skodespelet Frankie and Johnny in the Clair de Lune i 1987, som vart omgjort til ein film i 1991 kalla Frankie and Johnny med Al Pacino og Michelle Pfeiffer.

Innspelingar[endre | endre wikiteksten]

Instrumentalversjonar[endre | endre wikiteksten]

Frankie[endre | endre wikiteksten]

Ein versjon av songen vart omskriven av Mississippi John Hurt som «Frankie».

Frankie's Man, Johnny[endre | endre wikiteksten]

Ein annan versjon av songen vart omskriven av Johnny Cash og kalla «Frankie's Man, Johnny».

Andre språk[endre | endre wikiteksten]

  • Ein fransk versjon vart skriven av Manou Roblin og kalla «Frankie et Johnny». Denne vart framført i 1964 av Johnny Hallyday med Joey and The Showmen
  • Ein tysk versjon vart skriven av Max Colpet og kalla «Lola und Jonny». Denne vart framført av Hildegard Knef i november 1964.
  • Ein nederlandsk versjon vart skriven av Gerrit den Braber kalla «Robbie en Alex». Denne vart framført av Rita Hovink i 1976. Tre år tidlegare hadde ho gjeve ut ein engelskspråkleg versjon òg.

Ein walisisk versjon av songen, skriven og framført av Dafydd Iwan vart framført i 1976 som «Baled yr Eneth Eithafol».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Brown, Cecil (2011). «Frankie and Albert/Johnny». I Smith, Jessie Carney. Encyclopedia of African American popular culture (1st utg.). Santa Barbara, California: ABC_CLIO, LLC. s. 542–6. ISBN 978-0-313-35796-1. 
  2. Saint Louis Police Veteran's Association. «Kiel Opera House and Four Courts and the story of Frankie and Johnny». Saint Louis Police Veteran's Historical Illustrated Photos. Saint Louis, Missouri: Saint Louis Police Veteran's Association. Henta 1. desember 2016. 
  3. 3,0 3,1 3,2 «Frankie and Albert [Laws I3]». Csufresno.edu. Henta 1. desember 2016. 
  4. «It's Frankie And Albert Instead Of Johnny» Lakeland Ledger, May 29, 1975.
  5. «Hughie Cannon's version». Parlorsongs.com. Henta 1. desember 2016. 
  6. Fuld, s. 234.
  7. Fuld, s. 235.
  8. Leonard Feather and Ira Gitler, editors (2007). The Biographical Encyclopedia of Jazz. New York: Oxford University Press. ISBN 978-0-19-532000-8, ISBN 0-19-532000-X.
  9. «MELODY LANE SONGS - (PAGE 1) - 1840 - 1960». Nfo.net. Henta 1. desember 2016. 
  10. Fuld, s. 233-235.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]