Songen Green River

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Green River
Singel av Creedence Clearwater Revival
frå albumet Green River
B-side

«Commotion»

Språk engelsk
Utgjeve Juli 1969[1]
Innspelt Mellom mars og juni 1969[2] i Wally Heider Studios i San Francisco i California[3]
Sjanger Roots-rock
Lengd 2:36
Selskap Fantasy
Komponist John Fogerty
Tekstforfattar John Fogerty
Låtskrivar(ar) John Fogerty
Produsent John Fogerty
Creedence Clearwater Revival-kronologi 
«Bad Moon Rising»
(1969)
Green River «Down on the Corner»
(1969)


«Green River» er ein song av det amerikanske rockebandet Creedence Clearwater Revival. Songen vart skriven av John Fogerty og gjeven ut som singel i juli 1969, ein månad før albumet med same namn kom ut.[1]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Take me back down where cool water flows, y'all
Let me remember things I love, Lord

John Fogerty

Songen «Green River» vart basert på ein stad der Fogerty brukte å vere ved Putah Creek. Tittelen på songen kom frå etiketten på ei sirupsflaske, som heitte «Green River».[4]

Allmusic skreiv som songen: «Det som er så merkverdig med «Green River» er at songen på så mektig vis frambringer bileta sine på mindre enn to og eit halvt minutt, på ei tid då ein langvarig jam var i ferd med å bli idealet i rock and roll. Creedence Clearwater Revival forstod at mindre framleis kunne bety meir, og «Green River» er eit glimrande døme på dette.»[5]

Salstal[endre | endre wikiteksten]

«Green River» selde til gullplate (500 000 einingar) den 13. desember 1990.[6]

Liste (1969) Plassering
Austerrike (Ö3 austerriksk Topp 40)[7] 5
Canada (RPM)[8] 5
Tyskland (Media Control AG)[9] 8
UK Singles (Official Charts Company)[10] 19
US Billboard Hot 100[11] 2

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Mary Wilson frå The Supremes arbeidde med den britiske plateprodusent Gus Dudgeon på ein versjon tidleg i 1980-åra, men denne vart aldri gjeven ut. Countrybandet Alabama spelte inn ein versjon av songen i 1982 for albumet Mountain Music.

I media[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]