Songen Have You Never Been Mellow
Have You Never Been Mellow Singel av Olivia Newton-John frå albumet Have You Never Been Mellow | ||
Utgjeve | 21. januar 1975 | |
Sjanger | Softrock | |
Lengd | 3:31 | |
Selskap | MCA | |
Låtskrivar(ar) | John Farrar | |
---|---|---|
Produsent | John Farrar | |
Olivia Newton-John-kronologi | ||
«I Honestly Love You» (1974) |
Have You Never Been Mellow | «Please Mr. Please» (1975)
|
«Have You Never Been Mellow» er ein popsong skriven av John Farrar for Olivia Newton-John som tittelsporet på albumet med same namn.
I mars 1975 vart singelen den andre førsteplassen til Newton-John på rad på den amerikanske Billboard Hot 100 og han toppa òg Billboard Hot Adult Contemporary Singles-lista.[1] «Have You Never Been Mellow» heldt fram suksessen Newton-John hadde som såkalla «crossover-artist» då songen òg nådde 3. plassen på Hot Country Singles-lista.[2]
Songen vart nominert til Grammyprisen for beste kvinnelege popvokal det året.
I USA var singelen den fjerde på rad for Newton-John som selde til gullplate etter eit sal på 1 million eksemplar.[3] «Have You Never Been Mellow» nådde òg toppen av singellista i Canada, 10. plass i Australia og 26. plass i Japan, men gjorde det heller dårleg elles i verda.
Lister
[endre | endre wikiteksten]Liste (1975) | Plassering |
---|---|
U.S. Billboard Hot Country Singles | 3 |
U.S. Billboard Hot Adult Contemporary Tracks | 1 |
U.S. Billboard Hot 100 | 1 |
Canadian RPM Country Tracks | 1 |
Canadian RPM Adult Contemporary Tracks | 1 |
Canadian RPM Top Singles | 1 |
Australian Kent Music Report | 10 |
Recording Industry Association of New Zealand | 9 |
Andre versjonar
[endre | endre wikiteksten]Songen vart framført som ein del av Broadway-musikalen Xanadu i 2007.
Det nederlandske bandet Party Animals sampla songen i 1996 på hitten deira «Have You Ever Been Mellow». Denne songen nådde toppen av den nederlandske singellista.
Punkbandet the Feederz spelte songen i 1984 på debutalbumet Ever Feel Like Killing Your Boss?. Nip Drivers var eit anna punkbandet som spelte inn songen.
Den australske songaren James Reyne spelte songen (berre kalla «Mellow») i 2004 på Speedboats for Breakfast. Den belgiske artisten Netsky sampla songen på debutalbumet Netsky i 2010. Me First and the Gimme Gimmes song songen i 2011 på EPen Go Down Under.[4]
Ein fransk versjon av songen vart spelt av Nicole Rieu, kalla «Ma maison au bord de l'eau», i 1975.[5]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Have You Never Been Mellow (song)» frå Wikipedia på engelsk, den 26. august 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Whitburn, Joel (2002). Top Adult Contemporary: 1961-2001. Record Research. s. 181.
- ↑ Whitburn, Joel (2004). The Billboard Book Of Top 40 Country Hits: 1944-2006, Second edition. Record Research. s. 248.
- ↑ «American single salstrofé – Olivia Newton-John – Have You Never Been Mellow». Recording Industry Association of America. If necessary, click Advanced, then click Format, then select Single, then click SEARCH
- ↑ «Me First and the Gimme Gimmes – Go Down Under (EP Review) - Stereoboard UK». stereoboard.com. Henta 15 August 2011.
- ↑ http://www.encyclopedisque.fr/disque/12182.html