Songen John Wesley Harding

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
John Wesley Harding
Song av Bob Dylan
frå albumet John Wesley Harding
Utgjeve 27. desember 1967
Innspelt 6. november 1967
Sjanger Folkrock, countryrock
Lengd 2:59
Selskap Columbia
Komponist Bob Dylan
Tekstforfattar Bob Dylan
Låtskrivar(ar) Bob Dylan
Produsent Bob Johnston

«John Wesley Harding» er ein song av Bob Dylanalbumet med same namn frå 1967. Han handlar om ein lovlaus, Robin Hood-aktig mann i Amerika.[1]

Låtskriving og innspeling[endre | endre wikiteksten]

Dylan fortalte Jann Wenner i eit intervju i Rolling Stone i 1969 at songen «byrja som ein lang ballade. Eg skulle skrive ein ballade om ein av desse gamle cowboyane...ein verkeleg lang ballade. Men i midten av andre verset gjekk eg lei. Eg hadde ein melodi, og eg ønskte ikkje å kaste bort melodien, det var ein fin, liten melodi, så eg skreiv eit raskt tredjevers og spelte han inn sånn.»[2] Biografiforfattaren Clinton Heylin sa at Dylan hadde ei godt dokumentert interesse for fredlause cowboyar, inkludert Jesse James og Billy the Kid,[3] og tidlegare hadde Dylan sagt at favorittfolkevisa hans var «John Hardy»,[4] om ein mann som i røynda tok livet av ein annan mann i 1893 over eit terningspel.[5] John Wesley Hardin var ein annan fredlaus på slutten av 1800-talet.[3] Dylan har sagt at han valde John Wesley Hardin som hovudperson fordi namnet hans «passa betre med tempoet» i songen.[2] Dylan stava namnet til Hardin feil med ein g på slutten.[6][7]

Songen vart selt inn på to forsøk den 6. november 1967 i Studio A i Columbia Music Row Studios i Nashville.[3][8] Begge vart vurderte for albumet, men dei landa til slutt på det andre opptaket.[3]

Tema[endre | endre wikiteksten]

Dylan har sagt at han ikkje har ei klår meining om kva songen handlar om.[2][7] Han sa til Cameron Crowe i 1985 at etter innspelinga av John Wesley Harding «visste han ikkje kva han skulle tru om det. Så eg fant ut at det beste å gjere var å gje ut albumet så raskt som mogeleg, kalla det John Wesley Harding fordi det var ein song eg ikkje hadde noko aning om kva han handla om, kvifor han var på albumet. Så eg tenkte eg skulle kalle albumet dette, rette fokuset på denne songen, gjere han til noko spesielt.»[7]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

«John Wesley Harding» har blitt spelt av McKendree Spring i 1969,[9] Tom Russell[10] og Wesley Willis.[11]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Frå songteksten: «Was a friend to the poor [...] But he was never known / To hurt an honest man»
  2. 2,0 2,1 2,2 Wenner, Jann. «Interview with Jann S. Wenner,» Rolling Stone, 29. november 1969, i Cott 2006, s. 158
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 Heylin 2009, s. 447
  4. Shelton 1986, s. 448
  5. John Hardy Found Guilty
  6. Sounes 2001, s. 227
  7. 7,0 7,1 7,2 Crowe 1985
  8. Heylin 1995, s. 69
  9. McKendree Spring
  10. Ruhlmann
  11. Black Light Diner

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]