Keeping the Faith

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Songen Keeping the Faith)
Hopp til navigering Hopp til søk
Keeping the Faith
Singel av Billy Joel
frå albumet An Innocent Man
Utgjeve 1984
Innspelt 1983
Sjanger Poprock
Lengd 4:41
Selskap Columbia
Låtskrivar(ar) Billy Joel
Produsent Phil Ramone
Billy Joel-kronologi
«This Night»
(1984)
Keeping the Faith «You're Only Human (Second Wind)»
(1985)


«Keeping the Faith» er ein song av songar-låtskrivaren Billy Joel på albumet An Innocent Man frå 1983. Han nådde 18. plassen på den amerikanske Billboard Hot 100-lista og tredjeplassen på den amerikanske Billboard Adult Contemporary-lista. Songen var den einaste singelen frå albumet som ikkje nådde UK Singles Chart, trass i suksessen til An Innocent Man i Storbritannia.

«Keeping the Faith» er det siste sporet på albumet og teksten oppsumerer årsaka til Joel skapte albumet, som er spelt inn i musikkstilen frå 1950- og 1960-åra, før Den britiske invasjonen nådde USA.

Songen vart remixa og gjeve ut som ein 7" singel. Ein lengre miks vart gjeven ut i USA på ein 12" singe (Columbia AS 1982). Begge miksane er omtalt som «Special Mix» med tida 4:44 trykt på etiketten. Den faktiske lengda er 4:52 for 7"-versjonen og 5:27 for 12"-versjonen. Ein tredje miks vart gjeven ut i plateboksen My Lives. På boksen er miksen feilaktig omtalt som 12"-miksen.

I musikkvideoen for songen ser ein Joel i ein rettsak som skal finne ut om han er uskuldig og «keeping the faith» (medan songen «An Innocent Man» spelar i bakgrunnen.) Publikum i rettsalen er folk frå 1950-åra på eine sida og 1960-åra på den andre sida (inkludert ein som liknar på Jimi Hendrix). Joel syng og dansar gjennom heile videoen. Richard Pryor har ei lita rolle i starten av videoen. Den seinare kona til Joel, Christie Brinkley, er òg med mot slutten av videoen.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Songen er sett til 1980-åra og songaren minnast livsstilen i 1950-åra. Joel listar opp mange ting frå den tida, som Lucky Strike-sigarettar, chino-bukser, Sen-Sen-mynte, Trojan-kondomar og Old Spice etterbarberingsvatn, og mange motestilar som var vanleg på den tida. Songen handlar òg om musikken som var vanleg i 1950-åra («I'm going to listen to my 45s»). Samstundes set Joel spørsmålsteikn ved å vere for sentimental når det gjeld fortida og syng «The good old days weren't always good./ And tomorrow ain't as bad as it seems».

Lister[endre | endre wikiteksten]

Liste Plassering
Canada[1] 81
New Zealand 38
U.S. Billboard Hot 100 18
U.S. Billboard Hot Adult Contemporary Tracks 3

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]