Songen Kings of the Wild Frontier

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kings of the Wild Frontier
Singel av Adam and the Ants
frå albumet Kings of the Wild Frontier
B-side

Press Darlings

Utgjeve 25. juli 1980
Sjanger Postpunk, new wave
Lengd 3:53
Selskap CBS Records
Låtskrivar(ar) Adam Ant & Marco Pirroni
Produsent Chris Hughes
Adam and the Ants-kronologi 
«Cartrouble»
(1980)
Kings of the Wild Frontier «Dog Eat Dog»
(1980)


«Kings of the Wild Frontier» var den første singelen til Adam and the Ants med to trommeslagarar som spelte Burundi-rytmen, som bandet vart kjent for. Songen var òg den første Adam Ant og Marco Pirroni skreiv i lag og den første singelen på CBS Records etter at dei forlet Do It Records.[1]

Singelen kom ut 25. juli 1980, og nådde 48. plassen på UK Singles Chart. Etter at dei fekk det store gjennombrotet sitt med «Dog Eat Dog» og «Antmusic» (fjerde og andreplassen) vart «Kings of the Wild Frontier» gjeven ut på ny i februar 1981. Denne gongen nådde songen andreplassen.[2]

Songen vart spelt inn i lag med Adam Ant og Pirroni på gitar, Kevin Mooneybassgitar og på trommer, både Chris Hughes (under pseudonymet «Merrick») og Terry Lee Miall.

Songen vart gjeven ut på albumet med same namn 3. november 1980.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Adam Ant & Marco Pirroni (25. juli 1980). «Kings of the Wild Frontier». Adam-Ant.net. EMI Music Publishing Ltd. 
  2. «Adam and the Ants Top Songs/Chart Singles Discography». Music VF.com.