Songen Little Deuce Coupe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Little Deuce Coupe
Singel av The Beach Boys
frå albumet Surfer Girl
A-side

«Surfer Girl»

Utgjeve 22. juli 1963
Innspelt 12. juni 1963
Sjanger Surferock
Lengd 1:38
Selskap Capitol
Låtskrivar(ar) Brian Wilson, Roger Christian
Produsent Brian Wilson
The Beach Boys-kronologi 
«Surfin' U.S.A»
(1963)
Little Deuce Coupe «Be True to Your School»
(1963)


«Little Deuce Coupe» er ein song skriven av Brian Wilson og Roger Christian. Songen kom først ut som B-side på The Beach Boys sin «Surfer Girl» i 1963. Han kom òg ut på albuma Surfer Girl og Little Deuce Coupe same året.

«Surfer Girl» nådde 7. plass på Billboard Hot 100, medan «Little Deuce Coupe» vart nådde 15. plass, som var den høgaste plasseringa ei av B-sidene til The Beach Boys nådde.

Bandet nytta korte bitar av songen for å introdusere bandmedlemmene under konsertar i 1963, før dei starta på sjølve songen.

Komposisjon[endre | endre wikiteksten]

Musikken vart skriven av Brian Wilson og teksten av den lokale radioprataren Roger Christian. Songen er ein typisk bilsong av The Beach Boys, som dei hadde fleire av i tillegg til surfesongane. Bilen det er snakk om er ein Ford Model B frå 1932 som vart kalla «deuce coupe».

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

Songen vart spelt inn ved Western Studios den 12. juni 1963 på same dag som innspelinga av «Surfer Girl». Dette var den første innspelinga der Brian Wilson offisielt var produsent, samt den siste før Al Jardine kom tilbake i bandet.

Musikarar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]